• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kiste måla i 1834 av Bjørn Bjaalid

Kiste måla i 1834 av Bjørn Bjaalid, ein av dei mest elegante telemarksmålarane, (Nils Georg Brekke)

HUSVELSIGNING OG VAKTARSYMBOL

«Stat Huus i Herrens Fred
For Misunds onde Øie
Thi den misundte Jord
Den lader sig dog Pløie
Her æder jeg mit Brød
her Frygter jeg min Gud
Velsigne hver og en
Som her gaar ind og ud».

Denne husvelsigninga står som innskrift over ei stovedør på Rogdo i Ullensvang. Målaren er Thomas Luraas frå Tinn i Telemark, og her har han vore i 1850-åra, på ei av sine mange målarferder til Hardanger.

Innskrifta er velkjend og finst i fleire variantar – eit eksempel på kulturkontakt mellom bygdene. Mellom Telemark og Hardanger har nok påverknaden gått begge vegar. Mang ein vestlandsslått har kome attende frå Telemark i ny form, utstasa med krullar og forsiringar, som ei riktblømande telemarksrose. På Vestlandet møtte dei elegante rokokkomeistrane frå Telemark ein lokalstil prega av motivtradisjonar frå barokk og renessanse, formidla av dei tidlege målarane i Øvre Hallingdal kring midten av 1700-talet og av førebiletet frå bymålarane på 1600-talet.

Dei langvegsfarande rosemålarane var handverksspesialistar som kryssa mange kulturgrenser på sine vandringar. Dei hadde med seg målarbøker og skillingstrykk i skreppa si, og vart på denne måten formidlarar av motiv og ideear i lokalsamfunnet. Folkekunstnaren var både handverkar og kulturformidlar. Når rosemålaren kom til gards, var det ikkje folkekunstnaren, men målaren som kom.

Austmenn på arbeidsvandring

Telemarkingane var ikkje dei einaste – og heller ikkje dei første – austmennene som kom over fjellet til fjordbygdene for å tena pengar. Sildefisket og fraktefarten gjorde sitt til at pengehushaldet tidlegare vann innpass her enn austanfjells, og bygdene på Vestlandet var ein god marknad. Frå fjellbygdene øvst i Hallingdal og Telemark kom folk etter at onnearbeidet var ferdig, eller tidleg om våren, på skareføre, for å henta seg forteneste. Ein heil hær av lauskarar, husmenn og småbrukarar var på vandring; slåttekarar, gråsteinsmurarar, driftefolk og kramkarar, spelemenn og rosemålarar – og folk som drog ut til kysten for å delta i sildefisket. Rosemålarane var ikkje først og fremst uttrykk for ein kulturell ekspansjon frå bygdene i Hallingdal og Telemark, dei var ein del av arbeidsvandringar, ei stor pendlarrørsle mellom bygdene.

I 1782 kom det to brør over fjellet frå Hallingdal og ned til Eidfjord. Dei kom frå Hammarsbøen i Hol og drog over til Vestlandet for å freista lukka. På Bu var dei innom hjå Amund Johannesson og måla nokre ting han hadde ståande, mellom anna ei ølskål som vart forsynt med ei gjestfri innskrift: «Drik og Wer Fro/Min Kiere Nabo/Her er ganske Nok til Os Bæge to. Amund Johane sen Bu Ano 1782».

Dei to brørne, Svein (1766-1809) og Vebjørn Hammersbøen (1761-1808) drog vidare utetter fjorden, og neste år kom dei att, likeins året etter. Då kan vi følgja faret etter dei frå Eidfjord og utover mot Kvam og Strandebarm. I Øystese måla dei ei kiste for «Brita Jans Datter Østense Anno 1784», dotter til «potetlensmannen» Jan O. Øvre Byrkjeland. Han var lensmann for Rosendalsgodset i Kvam og dreiv med jektefart attåt garden.

Men neste år, i 1785, tok Hammarsbøenbrørne ein annan veg. Då drog dei gjennom Sørfjorden og Oddadalen, og truleg har dei også teke seg ein tur ned til Sunnhordlandsbygdene. I 1786 ser vi at dei fór gjennom Hålandsdalen og andre bygdelag i Midthordland. Her fortel tradisjonen at lokale målarar i Samnanger lærte målarhandverket av omvandrande hallingar. Truleg kan dette ha vore dei to brørne frå Hol.

Slik kan vi rekonstruera målarferdene til Svein og Vebjørn. Etter alt å døma har dei vore årvisse gjester i Hardanger og Sunnhordlandsbygdene i 1780-åra.

I Åkra vart det bygd ny kyrkje i 1735. I 1787 fekk Hammarsbøenbrørne i oppdrag å måla bygningen innvendig: «Kirken sies at være Malet i Aoret 1787 af de tvende, dengang vistnok her i egnen berømte Malere, Svenn Olsen og Vebjørn Olsen fra Hammersbøen i Hallingdal», skreiv lensmann Christopher Løwig i 1870, etter at gamle kyrkja vart ombygd. Det er tydeleg at dei to hallingdølene hadde fått eit godt rykte og ikkje sto attende for å ta på seg eit såvidt stort oppdrag som å pryda ei kyrkje i ei lita fjordbygd på Vestlandet, med storlagde rankar og bibelske figurar, i dekortradisjonen frå laugsmålarane på 1600-talet.

Vebjørn heldt fram med handverket. Han drog til Nordfjord, der han bygsla ein plass under garden Tjugen i Loen i 1799. Svein vart gift i Rogaland. Han dreiv nokre år som gjestgjevar på Karmøy, før han flytte til Stavanger. Der slo han seg ned som kjøpmann og skipsreiar. Slik får vi eit lite nærbilete av to unge hallingar som vandra vide ikring i ungdomsåra, før dei slo seg ned kvar på sin kant og kvar med sitt levebrød – ei soge som syner oss korleis handverkarvandringane var ein del av eit større økonomisk system bygdene imellom.

Bygdehandverk og handverksbygd

Det er nok meir enn eit tilfelle at Hammersbøenbrørne dukkar opp i Eidfjord i 1782. Same året hadde styresmaktene delvis oppheva forordninga av 1746 om skatteplikt for husmenn og andre som dreiv handverk på bygdene. Skattefritaket i 1782 var i realiteten ei lemping av dei gamle laugsprivilegia, som monopoliserte dei finare handverka til profesjonelle utøvarar i byane. Jamvel om det nok hadde vore vanskeleg å føra effektiv kontroll med fuskarar i faget utover på bygdene, må vi gå ut frå at bygdemålarar no i større grad enn før kunne dra kringom til andre bygdelag og framby sine tenester, utan å risikera bøter eller å bli stempla som «bønhas og fusker».

Det husflidsprega handverket i bygdesamfunnet har fått si klassiske framstilling i Eilert Sundts bok frå 1878 Om Husfliden i Norge; det han kallar «almen Færdighed i Bygderne». Bygdehandverket skil seg frå husfliden ved ei grad av spesialisering og frå det profesjonelle handverket ved å vera utprega sesongarbeid og attåtnæring. Ein stor del av folkekunsten høyrer heime i denne kategorien. I folketeljinga i 1801 var tilhøvet mellom handverkarar og gardbrukarar 1-200 i Søndre Bergenhus Amt. Dette fortel først og fremst om at mange hadde handverket som attåtnæring, som ikkje viser att i statistikken. I 1865 er situasjonen ein annan. Då er handverkarane vortne ei stor yrkesgruppe, og bygdesamfunnet står på overgangen til verkstadsproduksjon og halvindustri.

Handverksbygda Voss var kjend for sine mange gode smedar, tømmermenn og snikkarar. I vossebygdene dominerer treskurden, det er karveskurdens geometriske motiv som pryder skrin og kister, på Voss som i Setesdal – dei to distrikta i Noreg som er sterkast prega av mellomaldertradisjonane.

Men det var mange og gode gardar i Vossaveldet, og når vi kjem fram til 1800-talet, er det ikkje å undrast på at dei omvandrande målarane også la vegen om Voss. Her var det pengar å tena.

Renessansens former og barokkens fargar

Hammersbøenbrørne var prega av målarmiljøet kring Kittil Rygg i Hol og laugstradisjonen frå 1600-talet. Renessansens klassiske rankeformer og dekorative motivrepertoar slår særleg ut i blomebarokken kring midten av 1600-talet: akantusrankar, drueklasar, roser, rosettar, figurar og biletmotiv, i ein fargesterk stil: oker, sinober, berlinerblått, engelskraudt, med svarte konturar på lys grå botn. Både fargane og dekormotiva – urner, kartusjar, roser og rosettar – lever lenge i folkekunsten. Denne dekorative laugsmålinga får vi eit inntrykk av i Målabuo på Gjerde i Mauranger, i kyrkjene i Kinsarvik og Eidfjord og i sengebua på Helleland i Lofthus.

Ein annan av dei tidlege hallingdølene, Lars Aslagsen Trageton (1770-1839), slo seg ned på Nedstrand i Ryfylke. Han må ha vore læremeisteren til Gunder Gundersen Handeland (1794-1871) frå Halsnøy, som var ein produktiv målar i Sunnhordlandbygdene gjennom mange år. Handeland var også glad i biletmotiv; hans framstilling av dei tre stender i samfunnet kjenner vi to unike versjonar av – med sjømann og fiskar i tillegg til bonden, presten og offiseren. Det er eit bilete med polemisk brodd: «nærestanden» mot «tærestanden» – embetsmennene i lokalsamfunnet.

Bilete og symbol

Eitt av dei mest omtykte renessansemotiva er blomerurna, med roser, liljer og tulipanar. Rosene og liljene er mellomalderens kjernemotiv i den kristne kyrkja sin symboltradisjon, knytt til forestillingane kring Jomfru Maria.

At blomeurna er berar av ein symbolverdi som ligg djupare enn estetikken, fortel følgjande innskrift: «Lad eders Hjerte være som en Krukke, Fyldt af det aandelige Livs Blomster»; eit såkalla homiletisk motiv (homiletikk: preikelære).

Blomeurna kan vera stilt saman med motiv som Samson og løva – eit prefigurasjonsmotiv – eller hjorten, eit eldgamalt dåpssymbol: «Som Hjorten tørster efter det rinnende Vand saa tørster ogsaa min Sjel efter Den Hellige Aand» (Salmane). At slike forestillingar kan ha vore levande i folketrua dei første århundra etter reformasjonen er sannsynleg; kva tid symbolinnhaldet går tapt i tradisjonen er derimot uklart.

Telemarkingane i fjordbygdene

Men lat oss venda attende til Hardanger og fjordbygdene. I 1790-åra ser vi at det har vore fleire omvandrande målarar på ferde, utan at vi kan slå fast heilt sikkert kven dei var alle.

Dei første tiåra av 1800-talet må det ha reist fleire telemarkingar gjennom Hardanger og Sunnhordlandsbygdene, men det er først kring 1820 den store ekspansjonen kjem, den «telemarkske exodus». Frå då av og 40-50 år frametter var telemarkingane årvisse gjester, og denne trafikken kulminerte ikkje før utvandringa til Amerika skaut fart.

I denne perioden var det først og fremst telemarksmålarane som sette sitt preg på handverksvandringane til vestlandsbygdene. Det var mange unggutar som reiste ut frå smågrender i Telemark for å prøva lukka. Svært mange av dei slo seg på måling, og det merkelege er at så mange av dei hadde så gode anlegg for dette handverket. Mellom 40-50 målarar må ha gjesta fjordbygdene; det vil seia nærare 40% av målarane i Telemark.

Ikkje så heilt få av dei kom attende på målarferder med jamne mellomrom over ein lang periode. Etter tradisjonen reiste Luraasbrørne frå Tinn ofte ilag. Dei var spelemenn også, og trakterte både fele og klarinett. Thomas (1799-1866) som var den mest kjende av dei, kan vi sjå har reist gjennom Hardanger og Midthordland med 3-4 års mellomrom frå slutten av 1820-åra til fram mot 1860. Bjørn Bjaalid (1791-1859) frå Vinje var også ein hyppig gjest; ein av dei mest elegante målarane og ein frodig folkelivsskildrar.

Skautaskrin og sòlekister

Skautaskrina i Hardanger var ei form for spesialisert husflidsproduksjon, spreidd utover heile utbreiingsområdet for det gamle faldaskautet. Både teknikk og måling vitnar om at dei har vore produserte i store mengder og selde som eit ferdig handverksprodukt.

Telemarkingane slo gjennom og skapte mote i Hardangerbygdene. Den nye generasjonen av lokale målarar som tok til å måla kring 1830, kan karakteriserast som ein telemarksskule. Med Trond Larson Hus (1806-1871) i Kinsarvik, kjem vi over i ein ny og interessant fase. «Trond i Vikje» la opp til ein meir serieprega produksjon av kister. Han ville vel i sterkare grad satsa på måling som eit levebrød, og i tillegg til vanlege oppdrag med å måla kister og skåp etter tinging frå folk i bygda, byrja han å måla kister for salg, såkalla «sòlekister». Sòlekistene hadde som oftast berre påført årstal. Mange av dei hadde også plass til initialer som kunne setjast på ved kjøpet.

Det er eigentleg ikkje å undrast over at hardingane utnytta denne handverksproduksjonen forretningsmessig. I desse bygdene var det innarbeidde tradisjonar med handel og jektefart. Heilt nord til Nordfjord fór det hardingar og selde åkle på 1700-talet, og det same kan vi sjå av skifte frå Øygarden og Sotra i 1770-åra. Sòlekistene på 1800-talet vart skipa med jekter til Bergen og sørover mot Haugesund og Stavanger. Jektene segla full-lasta med frukt og sòlekister, som enten vart selde direkte frå jektene på Strandkaien eller gjennom bondehandlarane. Opptil tusen kister årleg kunne eksporterast frå Sørfjorden.

Strilekister frå Osterøy

Sòlekiste-eksporten frå Hardanger sto på sitt høgste kring midten av 1800-talet, før «haringakistene» byrja å få konkurranse frå andre bygdelag. Ei av desse bygdene var Osterøy. Etter midten av 1800-talet vaks det her fram ein halvindustri heilt parallell til sòlekisteproduksjonen i Sørfjorden. Serleg i Lonevåg og i Hosanger vart det eit produksjonssentrum for «ostrakistene», og det var ikkje så heilt få som var sysselsette med kisteproduksjonen: snekring, smiing og måling. Kistene fekk ein enkel, sjablongmessig dekor som i Ullensvang. Fargar og motiv er derimot nokså ulike. Medan sòlekistene har enkle telemarksroser på raud botn, har ostrakistene små, midtstilte roser, ofte på sjattert mørkeraud, marineblå eller kasselbrun botn.

I Hosanger var det kring 1865 at dei tok til med å arbeida kister for sal til Bergen. Jon Larssen Børneset Mjøs (1825-1913) var eigentleg smed, men bygde seg hus i Mjøsvågen og starta opp med kisteproduksjon.

Jon Mjøs gjorde det godt med kistene sine og måtte ha meir plass. Han bygde eit nytt hus lenger inne i Mjøsvågen, med lagerplass for materialar nede, og to rom oppe: eitt for snekring og eitt for beslag og måling. Etterkvart vaks det fram fem kisteverkstader i Hosanger, men det var heile tida Jon Mjøs, og seinare svigersonen, Lars A. Mjøs, som hadde den største verksemda.

Osmålarane og husflidsrørsla

I bondestovene på Strandsiden tok dei inn mange av dei langvegsfarande frå andre bygdelag når dei var på byferd: skreppekarane frå Voss, austmenn og fjordbønder, kramkarar, rosemålarar og spelemenn. Det må ha vore mange impulsar som kryssa kvarandre i dette folkelege kulturmiljøet i byen, og her har nok Ole Bull høyrt dei første tonane av hardingfela. Her kunne ein kjøpa seg «haringakister», «ostrakister», «Viksdalstiner» og mange andre vareslag frå bygdelaga kring Bergen, og frå slutten av 1800-talet – også kister, stolar og skrin frå Os – kvitmåla, med fargesterke roser.

Ein av dei som hadde det beste omdømet som rosemålar på Vestlandet mot slutten av 1800-talet, var Annanias Tveit frå Os (1847-1924). Men også hans litt eldre sambygding, Ola Midtbø (1831-1925) var ein særs dugande målar. Desse osmålarane illustrerer overgangen frå det mobile bygdehandverket til den stasjonære verkstadproduksjonen. Det interessante er at dette skjer så langt fram på 1800-talet at desse målarane også vart dei første leverandørane til det nyskipa husflidutsalet til Vestlandske Husflidslag i Bergen i 1896, i åra før fotografiet slår gjennom som biletmedium på bygdene.

Heilt fram til byrjinga av 1890-åra drog Annanias på målarferder utanom onnene. På denne tida kom han i kontakt med ein kjøpmann i Bergen, Richard Arnesen, og sat ei tid i Strandgata hjå Arnesen og måla ting som vart selde i butikken. Men etter nokre år skipa Annanias Tveit rosemålarverkstad på heimegarden. Handverkaren vart husflidsprodusent. Og med det er ringen slutta til vår tid.

Mellomalderleg karveskurd på skrin frå 1500-talet

Mellomalderleg karveskurd på skrin frå 1500-talet, truleg frå Vossebygdene (ukjend, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd 6054)).

Kjenge av Vossetype frå slutten av 1700-talet

Kjenge av Vossetype frå slutten av 1700-talet (Egil Korsnes, eigar: Tønnebergs Samlinger).

Gunder Gundersen Handeland heldt seg i stor grad til barokkens symmetriske urnemotiv

Gunder Gundersen Handeland heldt seg i stor grad til barokkens symmetriske urnemotiv (Egil Korsnes).

Skapdør måla av Ølvemålaren

Denne symmetriske komposisjon på ei skapdør måla av Ølvemålaren i 1807 er ein parafrase over renessansens blomeurne (Nils Georg Brekke).

Blomeurne på predella (sokkelstykke) til altertavla i Hamre kyrkje

Blomeurne på predella (sokkelstykke) til altertavla i Hamre kyrkje, 1621 (Egil Korsnes).

Blomeurna i ei meir rokokkoprega utgåve

Blomeurna i ei meir rokokkoprega utgåve, truleg måla av ein omvandrande målar i 1790-åra i Holdhus kyrkje i Hålandsdalen (Egil Korsnes).

«Samson Sønder River Løven»

«Samson Sønder River Løven». Denne fargerike framstillinga av den sterke helten frå Det gamle Testamentet er måla på ei stovedør på Bolstad i Hålandsdalen i Fusa året 1786. Målaren er truleg Vebjørn Hammersbøen frå Hol i Hallingdal. Motivet er henta frå repertoaret til kyrkjemålarane på 1600-talet, der Samson i kamp med løva er eitt av dei omtykte motiva, ofte plassert mellom rankar og store blomeurner. Dette er eit såkalla prefigurasjonsmotiv i Bibelen; hendingar i Det gamle Testamentet førebur Det nye Testamentet. Samson er eit bilete på Kristus i kampen mot det vonde. Førebiletet er henta frå eit tresnitt i Fredrik II’s figurbibel frå 1589. Plassert på ei stovedør har Vebjørn også gjeve motivet ein annan funksjon eller biletbodskap; som ein vernar eller vaktar av huset – også ei form for husvelsigning (Egil Korsnes). (utsnitt)

Skautaskrina frå Kvam og Ullensvang

Dei mange skautaskrina frå Kvam og Ullensvang høyrer med til bunaden – her hadde konene faldaskautet. Skrina har naturleg nok motiv som knyter seg til brullaup og ekteskap: brurepar, ryttarar og store rankar med lukkefremjande firebladsroser, henta frå kyrkjekunsten på 1600-talet (Nils Georg Brekke).

«Pigernes Sladdertorv»

Skillingstrykk på innsida av kisteloket: «Pigernes Sladdertorv». Den folkelege trykkgrafikken vart spreidd i store mengder over heile Europa på 1600- og 1700-talet; forløparane for vår tids illustrerte familiejournaler. Motiva var storhendingar, skandalar, kongepar og fyrstehus – og ryttarar med offiserar i alle fasonger (eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd 12930, neg. D 8785)).

Kiste frå Ænes, Mauranger

Kiste frå Ænes, Mauranger, måla i 1806 (Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd 12930)).

Blomebarokkens former er førebiletet for rosemålarane.

Blomebarokkens former er førebiletet for rosemålarane. Årdal kyrkje, 1700-talet (Nils Georg Brekke).

Kiste måla i 1877 på Vindenes i Fusa

Kiste måla i 1877 på Vindenes i Fusa. Motivet er Lysøen – ein elegant parafrase og eitt av dei finaste arbeid i den seine folkekunsten i Europa (Nils Georg Brekke).

  • Brekke, N. G. (1968) Rosemåling i bygdene kring Hardangerfjorden. Magisteravhandling, Universitetet i Bergen.
  • Brekke, N. G. (1980) Rosemåling i Midthordland. I: Engevik, A. K. red. Bygdesoga for Os: kulturhistorisk band. Os, Os sogenemnd, s. 221-334.
  • Brekke, N. G. (1981) Rosemåling i Sunnhordland. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 8-51.
  • Brekke, N. G. (1983) Bygdehandverk, husflid og heimeindustri. Dugnad, 4, s. 3-24.
  • Brekke, N. G. (1988) Austmenn i Fjordbygdene: handverkarvandringar og kulturkontakt mellom Telemark og Hardanger på 1700- og 1800-talet. I: Årbok for Telemark. Seljord, Stiftinga Årbok for Telemark, s. 132-149.
  • Trætteberg, G. (1952) Omfarshandel: skreppekarer, driftekarer og jekteskippere i Hordaland. Norveg, 2. Oslo, Universitetsforlaget.