• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Litografi frå Odda

Bratte fjord- og dalsider og flate dalbotnar; det vidgjetne vestnorske fjordlandskapet, forma av breen og teikna og avbilda av tilreisande i 150 år. Litografi frå Odda av M.W. Atkinson, 1852.

DET VESTNORSKE LANDSKAPET

Den norske vestkysten er ein av dei mest varierte landskapsregionane i Europa. Eit tverrsnitt frå aust til vest gjennom Hordaland gjev oss den vide synsranda på Hardangervidda, med ei linje gjennom Hardangerjøkulen og dei slake dalføra i Vossabygdene eller gjennom Folgefonna og dei bratte dalsidene i Indre Hardanger. Langs Hardangerfjorden skifter landskapet frå skogkledde lier i indre strøk til eit opnare landskap ut mot kysten, med ein mosaikk av store og små øyar som høyrer til strandflata. Med geologen som vegvisar kan vi oppdaga, utforska og forstå litt meir av dei store prosessane som har skapt det landskapet vi ser framfor oss i dag.

Om vi kunne gå eit par millionar år attende i tida, til tidbolken før istidene, ville vi sjå eit landskap heilt utan fjordar og øyar og mest heilt utan innsjøar og fossar. I Hordaland ville vi ha funne to større og fleire mindre elvedalar. Dei største gjekk der Vossadalføret og Hardangerfjorden no ligg. Her var det truleg alt grave ut djupe dalar med sideelvar som munna ut i ei hovudelv nede i dalbotnen. Elvane byrja ved vasskiljet mot Sogn og Austlandet, der dalane var relativt opne, og nådde havet vest for Øygarden og Bømlo, der ulike sediment (grus og sand) vart avsette i store delta ut i Nordsjøen. Nær vassskiljet har det vore liten påverknad på landskapet sidan tida like før istidene, samanlikna med landet lenger vest. Difor trur vi at landformene øvst i Rjoanddalen, nær fylkesgrensa mot Sogn, og i Veigdalen og Bjoreidalen på Vidda er lite endra og viser oss eit opphavleg landskapsbilete. Annleis er det med sideelvane kring Stalheim. Her låg vasskiljet eit stykke nord for Gudvangen i Sogn, og alle elvane som no renn dit, rann tidlegare mot Voss. Kvifor dei snudde, er ei spennande historie som skal vi koma attende til. Geologane kallar det elvetjuveri!

Restar av landskapet før istidene: Vidder og gamle elvedalar

Når vi studerer isbreane, kan vi sjå korleis ismassane vert danna, og korleis dei eroderer og sliper ned landoverflata. Men jamvel om desse kreftene har endra landskapet i sterk grad, finn vi òg landformer som stort sett har overlevd istidene. Fjellviddene og einskilde høge fjell er dei eldste formene vi kan finna restar av i dag. Hardangervidda høyrer til dei mest opphavlege landformene, men det same gjeld delar av Stølsheimen og Vossafjella. Lenger sør kan vi òg rekna områda kring Folgefonna som fjellvidde. I vest har vi det bergensarane kallar Vidden – området frå Ulriken til Rundemanen – og mindre flate område på toppen av øyane, som platået mellom Stovegolvet og Kattnakken på Stord  og Eldsfjellet på Holsnøy.

Jamvel om isbreane òg har skura over viddeområda, har dei ikkje endra landformene i særleg grad. Forskarane dreg den konklusjonen at Hardangervidda òg fanst før istidene, og har vorte lite påverka fordi innlandsisen hadde isskiljet sitt her, det vil seia at den høgste brekulen låg rett over Vidda, om lag der fylkesgrensa mot Telemark ligg i dag. Brerørsla nær brekulen var difor mykje rolegare enn lenger ut mot kysten. Dei grunne innsjøane er nok utgravne av brear, men berggrunnen der dei ligg, kan òg ha vore djupt forvitra i tidlegare tider, då klimaet var eit anna. Over dei mindre viddeområda lenger vest var det òg lite rørsle i breane, medan dei hadde litt større fart i dalane mellom fjella. At det stikk opp høge fjell einskilde stader, som Hårteigen og fjella under Jøkulen på Vidda og Melderskinmassivet i Kvinnherad, har sin grunn i at hardare bergartar har stått imot forvitringa gjennom lange tidsrom før istidene og har motsett seg iserosjon seinare.

Den gamle Vossadalen

Somme dalar har òg meir eller mindre overlevd istidene. Skal vi sjå etter slike dalar, er det best å leita øvst oppe i dalføre som har få isdanna former, som fossar og innsjøar. Elvane bør ha eit nokolunde jamt fall nedetter ein typisk elvedal. Dalbotnen bør ikkje vera for brei, men heller V-forma. Dette fører oss til områda ovanfor Voss.

I Vossevassdraget, til dømes i øvre delar av Raundalen, kan vi prøva å sjå for oss dei gamle elvedalane frå før istida ved å nytta utflatingar (hyller) i tverrprofilet av dalen saman med høgder på hengjande sidedalar (ein dal som munnar ut litt oppe i dalsida på ein større dal). Dette er mogelege indikasjonar på høgda på dei gamle dalbotnane. Ein slik rekonstruksjon er sjølvsagt usikker, og alderen på dei ulike dalgenerasjonane kan berre fastsetjast relativt. Ved å ta for oss kartet og studera område der dei høgste fjellplatåa går over i slake skråningar, har vi truleg funne den eldste dalgenerasjonen det er restar av enno. Frå Mjølfjell og nedetter Raundalen ligg det fleire hyller på begge sider av dalen. Her er det minst tre dalgenerasjonar. Den eldste av dei tre hadde dalbotnen om lag 250 meter høgare enn Raundalselvi, med sidedalar frå sør som no er dei hengjande dalane Vesetdalen ved Mjølfjell og Vollbotnen lenger nede. Den andre ligg berre vel 100 meter over dagens elv, og er lettast å sjå på Reimegrend og på Eide like nedanfor. Gardane langs fylkesvegen på Reime ligg på ei dalhylle av denne dalgenerasjonen, og på Eide går fylkesvegen i dag nede i den gamle dalbotnen, medan dagens elv, som representerer den yngste dalgenerasjonen (Juvsåni) gjer ein stor U-sving der ho har skore seg skeivt ned oppe i dalsida under Horndalsnuten. Nede ved Rastalii, ovanfor Kløve, ser ein òg tydelege dalgenerasjonar. Ei tid rann elva i høgd med dalhyller på begge sider. Då ho hadde skore ut gjelet her, grov ho vidare ut dagens V-dal nedanfor Urdland.

Ved Vossavangen kan vi nytta dalhyller i munningen av Bordalen ved Gjelle og Rokne som nivå for ein gammal vossadal. Elva frå Bordalen må ha munna ut i «Vosso» vel 100 meter høgare enn Vangsvatnet. Nedanfor Bulken finn vi endå eldre og høgare dalhyller på begge sider av Seimsvatnet. Truleg har denne elva først munna ut i havet ein stad vest for Øygarden, men fjordar og sund, som saman med strandflata danna seg etter den tertiære landhevinga, har gjort det vanskeleg å følgja dette sporet.«Vosso» rann truleg anten på nordsida av Osterøya og utetter der Osterfjorden går i dag eller tvers over øya rett vest for Stanghelle, så ned mot Lonevågen og vidare. Eit forsøk på rekonstruksjon av gamle dalgenerasjonar vert truleg aldri heilt rett, men det set fantasien i sving og gjev oss eit betre grunnlag for å tyda dei yngre landformene.

«Hardangerdalen»

Tilhøva langs Hardangerfjorden kan vi studera på same måten som på Voss. Fjordsidene kan vera bratte opp til 500–800 moh., der terrenget vert slakare opp mot fjella ovanfor. Dei øvre slake delane fell nokolunde saman med dalsidene til den gamle, vide «Hardangerdalen». «Hardangerelva» hadde dei lengste sideelvane i indre strøk, der vi i dag finn Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikapollen, Simafjorden, Eidfjord og Sørfjorden. I dalsidene gjekk det skred som førte stein og blokker ned mot elvane, der dei vart nytta som arbeidsreiskapar i den vidare erosjonen. Ettersom elvar ikkje kan grava lenger enn ned til havnivået, er skråningane slakast nær kysten, der nedbryting med forvitring og skred har verka lengst. I dei indre delane av «Hardangerdalen» var dalsidene bratte. Dalane var altså V-dalar som var tronge i indre delar og opne i ytre delar. Nær vassskiljet på Vidda var dalane vide, slik dei er i dag.

Isbreane endrar landskapet

Vi veit ikkje heilt når og kvar dei første breane kom, men i fjellområda kring Hardangerjøkulen og Folgefonna, i tillegg til dei høgste toppane i Kvinnherad, har det nok tidleg vakse fram brear, truleg for to–tre millionar år sidan. Borkjernar frå botnen av Norskehavet syner at det var ei markert klimaendring for 2,5 millionar år sidan, og at det deretter vart store temperatursvingingar med istider og mellomistider. Det gjekk likevel lenge før det vart kaldt nok til at breane la på seg så mykje at dei nådde heilt ut til kysten. For vel 1,1 million år sidan veit vi at det gjekk brear ut i Norskerenna, og med visse mellomrom heilt ut til Norskehavet, der dei kalva i djupare vatn nordvest for Stadt.

Sjølv om breane under den maksimale nedisinga dekte landskapet heilt, strøymde dei fortast langs dalføra som alt var danna av elvar. Der fleire dalbrear møttest, auka brefarten, og breen si evne til å erodera auka tilsvarande. I områda mellom dalane var farten minimal og erosjonen liten. At V-dalar vert til U- dalar, er noko dei fleste har fått med seg frå skulen, men biletet er meir innfløkt enn dette. Breane i sidedalane strøymde seinare enn breen i hovuddalen. Det førte til at der det tidlegare var danna store dalføre med mange sideelvar, samla no fleire dalbrear seg i hovuddalen og grov han djupare. Sidebreane i Indre Hardanger kom saman til ein stor bre som gjekk snøggare og grov djupare enn det dei mindre breane kunne greia kvar for seg. Resultatet ser vi i dei spesielle landskapsdraga der sidedalar munnar ut i hovuddalen oppe i dalsida, det vi kallar hengjande dalar. Vi finn hengjande dalar både i midtre og indre strøk av fylket. Kvamskogen ovanfor Tokagjelet er eit godt døme på ein dal som heng i høve til Steinsdalen, og langs Raundalen har vi alt teke for oss fleire. Bergensarane treng ikkje å gå lenger enn til Isdalen, der Hardbakkadalen munnar ut oppe i lia i Våkendalen. Isdalen sjølv er ein hengjande dal til Bergensdalen, med elvestryk nedetter mot Møllendal.

Ein annan ting som skil dalar utgravne av isbrear frå elvedalar, er lengdeprofilet. Dalar utgravne av elvar har gradvis avtakande helling frå fjellområda og ned mot havet, og dei kan berre grava ned til havnivået, der dei dannar eit delta ut i sjøen. Difor har elvedalar få innsjøar, fossar og stryk. I Hordaland er som tidlegare nemnt Rjoanddalen og vidare Raundalen det dalføret som er minst påverka av iserosjon ut frå desse kriteria. Her er det ingen innsjøar mellom Vangsvatnet og grensa mot Sogn. Dalen har heller ikkje daltrinn, jamvel om Rjoanddalen har ein foss der han munnar ut som ein hengjande dal til Raundalen ved Mjølfjell. Det har sjølvsagt gått store isbrear ned Raundalen òg, men dalen er likevel mindre påverka enn nabodalføret i sør, der breane gjennom mange istider har omforma «Hardangerdalen» til den djupe Hardangerfjorden.

Er det tilfeldig at «Hardangerdalen» vann kappløpet om å verta ein fjord, eller er det mogeleg å forklara denne prosessen? Her må vi òg dra Sognefjorden inn i diskusjonen, sidan han grensar til Vossevassdraget i nord. Før istidene byrja «Sogneelva» og «Hardangerelva» ved vasskiljet mot Austlandet, medan elvane som rann mot Voss,byrja lenger vest, om lag der Flåmsdalen kom seinare. Då istidene sette inn, samla difor sidebreane seg frå store område og strøymde med auka fart mot Sogn eller Hardanger. Det var såleis is frå eit mykje mindre område som strøymde ned Raundalen mot Voss, truleg òg med lågare fart enn dei større brestraumane i nord og sør. Brestraumen i Raundalen vart difor langt mindre effektiv i gravinga si, og resultatet av dette var at Raundalen vart mykje mindre påverka av iserosjon. Ja, når brestraumane mot Hardangerfjorden og Sognefjorden hadde funne sine løyper, tok dei òg unna is frå fjellområda øvst i Raundalen. Dette kan vi lesa av isskuringsstriper på dei høgste fjella, slik som på fjellryggen sør for Mjølfjell og Reimegrend. Nedst i Raundalen vart breen i slutten av istidene tvinga over Istad, Flatlandsmoen og Skjervet ned mot Granvin og Hardangerfjorden.

Går vi lenger mot nordvest, finn vi Eksingedalen, Modalen og ikkje minst Matresdalen og Haugsdalen, som alle har fleire trinn med fossar og stryk mellom trau som i dag er innsjøar eller breie elvesletter, der trauet er fylt opp av lausmassar. Det er særleg der berggrunnen har fleire sprekker enn elles, eller der fleire store brear kjem saman, at det vert danna trau. Sidan breen strøymer i den retninga breoverflata hallar, kan han òg strøyma i motbakkar i høve til underlaget og grava ut trau. Dette fører til at det vert trinn mellom traua, og over nokre av trinna er det i dag fossar, særleg nær soner med vertikale sprekker på tvers av dalen, slik som ved Fossen bratte på Kvamskogen og Fosse ovanfor Matre i Masfjorden.

Hardangerfjorden

Isbreane, som gjennom mange istider strøymde ut gjennom «Hardangerdalen», grov seg gjennom millionar av år djupare ned, og då dei nådde heilt ut på sokkelen, la dei frå seg lausmassane. Det var etter måten lett å grava langs den oppsprokne skjersona som var danna i grunnfjellet mot slutten av fjellkjedefaldinga for om lag 400 millionar år sidan. Hardangerfjorden er i dag er djupast mellom Norheimsund og Ålvik, 861 meter djupn i fjorden. Dertil ligg det 240 meter med leire under fjordbotnen, slik at det totalt vert 1100 meter ned til fast fjell. Grunnen til at fjorden er djupast så langt inne, er at her var breen si erosjonskraft konsentrert ved at fleire sidebrear støytte saman. Lenger ute kunne «Hardangerfjordbreen» fordela gravinga over større område – noko av breen gjekk over fjellryggen og ned til Bjørnafjorden og ut Korsfjorden, resten heldt fram ut Hardangerfjorden. Heilt ytst gjekk han ut over den vide strandflata og vart difor endå mindre konsentrert i arbeidet sitt. Difor er Bømlafjorden berre 200–300 meter djup, slik at det no er mogeleg å køyra i tunnel under fjorden. Lenger inne er det òg fleire tersklar, der fjellet anten er ekstra hardt eller meir massivt med færre sprekker. Nokre stader er det i tillegg yngre morenerygger oppå desse fjelltersklane, slik som mellom Halsnøy og Huglo og ved Ljones i Strandebarm.

Sidefjordane i indre strøk følgjer lengderetninga til laga som dei ulike bergartane ligg i, slik vi ser det i Granvinsfjorden og Osafjorden, eller markerte sprekkeretningar, som i Simafjorden eller forkastingane langs Sørfjorden. Desse fjordane er mykje grunnare enn hovudfjorden og kan difor kallast hengjande fjordar. Lenger ute er det mange fjordar og sund som er eroderte langs markerte forkastingar som går om lag nord-sør. Dette gjeld Fyksesundet, Øynefjorden, Lokksundet, Langenuen og Ålfjorden.

Fensfjorden og fjordane i Bergensbogane

Kring Bergen er det ei rekkje fjordar og dalar som følgjer eit mønster. Dersom du kjem med fly til Bergen og passerer over Osterøy eller over Fusa, kan du leggja merke til at nokre av fjordane har ei bogeform som held fram i markerte dalsøkk på land. Fensfjorden i nord har det til felles med Hardangerfjorden at breen har grave ut fjorden langs ei skjersone i berggrunnen, den såkalla Bergensbogeskjersona. På nordsida ligg grunnfjellet og på sørsida bergartane i Bergensbogane. Fensfjorden er òg djupast langt inne (nær 700 meter utanfor Sævråsvågen), der isbrear frå Masfjordfjella har kome saman med breen frå Osterfjorden over Ostereidet.

Fensfjorden dannar yttergrensa for Bergensbogane i nordaust. Den ytre bogen kan følgjast langs nordaustsida av Lindåshalvøya og vidare over Osterøy (Fotlandsvågen– Bruvik) til Samnangerfjorden og Os. Mange fjordar, dalar og fjell mellom den ytre bogen og linja Hjeltefjorden–Raunefjorden har arva berggrunnen sitt bogemønster. Berglaga er oftast skifrige og står mest på høgkant. Harde gneisar vekslar med mjukare fyllittar og grønskifer. Forvitring og nedsliting av elvar og isbrear gjennom millionar av år har ført til det ribbeforma landskapet med rader av fjellrygger, som på Radøy, eller ei mengd parallelle dalar og åsar, som på Osterøy.

Den indre bogen finn vi i Bergensdalen, som krummar seg kring Løvstakkgranitten og held fram ut langs Nordåsvatnet. I tillegg til fjordar og dalar som følgjer lagdelinga, finst det ei rekkje fjordar og dalar langs sprekker eller forkastingssoner. Mange av dei har retning om lag nord-sør, som Veafjorden, eller nordnordvest-sørsøraust, slik som Byfjorden og Hjeltefjorden. Dei er utgravne langs eit system av nesten vertikale forkastingssprekker, som er danna i samband med rørslene i Nordsjøen då England og Noreg dreiv frå kvarandre. Veafjorden på austsida av Osterøy er den mest markerte, med nesten vertikale fjellsider utvikla langs desse sprekkene. Osterfjorden og Sørfjorden på austsida av Osterøy er døme på fjordar langs andre sprekkeretningar.

Fjorddalar

Dalane opp frå dei inste fjordane kallar vi fjorddalar, fordi dei er U-dalar utgravne av isbrear, og slik sett berre eit framhald av sjølve fjorden. Dei sluttar ofte brått med fossar og stryk opp mot dalane på vidda. Denne overgangen kallar vi dalende, ein terrengformasjon som ligg til grunn for stadnamnet Kvam – «stad der eit hovuddalføre knip seg i hop». Ein av dei mest karakteristiske ligg i enden av Steinsdalen, det er denne dalenden som har gjeve namn til kommunen. Den mest vidgjetne av desse dalendane er likevel Måbødalen. Det er ein like markert formasjon i nabodalen, opp frå Hjølmo i Eidfjord. Her stuper elva Veig utfor etter å ha følgt den gamle dalen forbi Rjotemyrane og Viveli. Valursfossen er eit syn i snøsmeltinga. Her er det full vassføring, ettersom vassdraget er verna.

Ovanfor Granvinsvatnet ligg det ein dalende som er litt annleis. Her styrtar Skjervesfossen utfor der Granvinsdalen har grave seg attover i den dalen som tidlegare hadde avrenning mot Voss. Men om Hardangerfjorden stal litt vatn frå Vossevassdraget ved Skjervet, så stal Sognefjorden mykje meir! Breane grov Sognefjorden med sidefjordar stendig lenger innover i landet. I periodane mellom istidene fekk elvane då mykje kortare avstand frå fjellet og ned til sjøen. Difor vart dei mykje brattare og kunne grava snøggare. Då det vart istid att, strøymde breane snøggare langs den bratte delen av dalen og gjorde iserosjonen meir effektiv. Når du står på terrassen på Stalheim Hotell og ser nedetter mot Nærøyfjorden, oppdagar du dalhyller på båe sider av dalen. Elvane i Brekkedalen og Jordalen er fanga opp av Nærøyelva. Det same er elvane frå Brandsetdalen og Øvsthusdalen. Alle desse elveløpa peikar opphavleg mot Oppheimsvatnet, men har snudd. Slike dalar vert kalla agnordalar, sidan dei dannar ein mothake (agnor).

Sidedalar som tilpassar seg hovuddalen

Som vi har sett, er dei hengjande dalane danna ved at isbreen i hovuddalen gjekk snøggare og grov djupare enn breen i sidedalen. Elvar renn helst med jamt fall nedetter ein dal. Sideelvar freistar difor å renna ut i hovuddalen nede i dalbotnen i staden for å styrta utfor ein foss. For å oppnå dette grev elvane tilpassingsdalar. Gjelet på vestsida av Jordalsnuten ved Stalheim er eit resultat av at Jordalselva har skore seg ned i tusenåra etter at den djupe Nærøydalen var danna. Andre gode døme er Bordalsgjelet mellom Bordalen og Vangsvatnet på Voss og Tokagjelet mellom Kvamskogen og Steinsdalen. Skred i dei bratte sidene av elvegjela utvidar gjelet til ein spiss V-dal, slik ein kan sjå det frå vegen langs Røldalsvatnet, der Grytøyrelva har skore seg ned i den hengjande Grøndalen og no munnar ut på ei vifte nede ved Røldalsvatnet.

Skred gjer landskapet mindre bratt

Steinrøysane kringom i fylket fortel om stor skredaktivitet. Isbreane sin erosjon førte til at landskapet sakte, men sikkert vart endra, med unntak av viddeområda og strandflata. V-dalar vart til U-dalar med brattare dalsider. Fjellsidene langs fjordane er i vår tid difor brattare enn i dei dalane som gjekk der før istidene, særleg i indre strøk. Bratte fjellsider er ustabile og sterkt utsette for store og små ras. Steinsprang kjem oftast av at vatn frys til is i sprekker og sprengjer laus stykke av fjellet. Tre som har røter i sprekker, kan føra til det same.

Store fjellskred vert sjeldan utløyste av frostsprenging. Det er på dei stadene der vertikale sprekker kryssar sprekkeplan som har mindre helling og kilar ut i fjellsida, at dei største rasa går. Vatn som siv ned i sprekkene, forvitrar fjellet slik at friksjonen vert redusert. Store vassmengder kan så auka trykket og vera den utløysande årsaka til skredet. Dei aller fleste skred går difor i periodar med mykje nedbør, eller under kraftig snøsmelting.

Vi kan avgjera om det har gått store fjellskred eller mange små steinsprang ved å sjå på forma til skredmassane. Jamt skrånande, kjegleforma steinurer med dei største steinane samla nedst er resultat av steinsprang, der det med visse mellomrom ramlar ned steinblokker frå oppknuste soner i fjellsida over. Mengda av mose og småskog oppover i ura kan gje ein indikasjon på om det er lenge sidan det har gått steinsprang eller fjellskred. Ekspertar kallar det fjellskred når meir enn 10 000 m3 rasar ut. Massen som fell, får så stor rørsleenergi at han gjerne held fram utover den flate dalbotnen og av og til òg oppetter motsett dalside. Fleire store fjellskred er omtala under kommunane Modalen,Voss og Kvam.

Skredaktiviteten skjer anten i mellomistider, slik som i dag, eller i lange periodar under istidene då det var isbrear berre i fjellområda. Klimaet då hadde stendige temperaturvekslingar rundt null grader og førte truleg til endå meir skred enn i dei 11 000 åra som har gått sidan den siste istida. Skred gjer dalsider og fjordsider meir stabile, ettersom dei over ei viss tid reduserer skråningsvinkelen. Dette fører til ei utviding av dalar og fjordar. Når isbreane i neste istid strøymer nedetter dalane, tek dei sjølvsagt med seg alt skredmateriale og nyttar det som «sandpapir» i den vidare skuringa. Det at dalane stendig vert breiare, gjev plass til større brear neste gong, og slik vert det ein vekselverknad mellom iserosjon og skredverksemd som er viktig i utviklinga av landskapet.

Natur i endring

Dal- og fjordlandskapet er med andre ord styrt av strukturane i berggrunnen som vart utsett for elveerosjon før istidene sette inn, og seinare ved samspelet mellom iserosjon og skredaktivitet. Isbrear har særleg gjort fjordar djupare og fjordsider og dalsider brattare, medan skreda har gjort dei vidare. Av dette ser vi at landskapet stendig er i endring. Nokre endringar, slik som skred, går snøgt, medan andre tek lang tid. Å oppdaga at landskapet gjennomgår ein dynamisk prosess, ein skapingsprosess som aldri er i ro, gjev oss ei meir interessant oppleving når vi ferdast ute i naturen.

  • Profil over Hordaland frå Austevoll til Odda til Hardangervidda gjennom 80 millionar år

Frå slettelandskap til fjordlandskap

Profil (A–G) over Hordaland frå Austevoll til Odda til Hardangervidda gjennom 80 millionar år (stipla linje i B–E: profilet i dag).

 

A. I slutten av krittida gjekk havet inn over dei vestlege delane av Hordaland og avsette lag av krit (skal av daude kalkalgar) på botnen (T41).

 

B. I byrjinga av tertiærtida heva landet seg 500–1000 meter, og kritlaga vart eit lett bytte for forvitring og erosjon. Elvar skar seg òg ned i dei eldre bergartane.

 

C. Mot slutten av tertiærtida heva landet seg endå ein gong, og elvane grov dalane vidare attende.

 

D. I byrjinga av kvartærtida vart det kaldare; brear vart danna og tok vegen frå fjellområda og ned dei inste dalane.

 

E. Dei store istidene sette inn med brear som med visse mellomrom dekte landet.

 

F. Då breen var størst i den siste istida, var det samanhengande is heilt over til Skottland.

 

G. Dagens profil med hovudgruppene av bergartar innteikna.

  • Raundalen ovanfor Voss

Raundalen ovanfor Voss. Dalhyller på fleire nivå oppetter dalen er truleg restar etter dalbotnar i eldre dalgenerasjonar frå før istidene. (Masaoki Adachi)

  • Frå elv til bre til fjord.

Frå elv til bre til fjord.

 

Øvst: Før istidene rann djupt nedskorne sideelvar ut i hovudelva som bukta seg på ei stor elveslette. Dalane mangla innsjøar og fossar.

 

Midten: Isstraumane under istidene grov seg ned under havnivået i store U-forma trau, medan sidebreane gjekk seinare og grov mindre.

 

Nedst: I dag har vi eit breforma landskap med djupe trauforma fjordar og hengjande sidedalar med fossar og bratte fjellsider. (Grafikk:Wojtek Nemec)

  • Lengdeprofil av Vossevassdraget

Lengdeprofil av Vossevassdraget med fjordane vestanfor (øvst), og av Hardangerfjorden med dalen opp frå Eidfjord (nedst). Båe profila syner høgda på fjellområda på sidene, med nokre av dei høgste toppane. Traua i fjordane er resultat av isen si graving. Tersklane er stort sett fjell, men kan òg ha endemorenar. Sedimenta i traua (brun farge) er for det meste leire frå isavsmeltinga for 11 000 år sidan. Som vi ser, har Hardangerfjorden eit breforma landskap med trau og trinn langt inn i landet, medan det breforma landskapet i Vossevassdraget berre går inn til Bolstadfjorden.

  • Kartet syner nedslagsfelta til dei største elvane før istidene
  • Kartet syner rørslene til isbreane i den siste istida

Kartet øvst syner nedslagsfelta til dei største elvane før istidene: «Sogneelva», «Vosso» og «Hardangerelva». Vi ser at «Vosso» drenerer områda i delar av Indre Sogn (Gudvangen) og Indre Hardanger (Granvin). Dei blå pilene syner brerørsler under dei første istidene då breane stort sett følgde dei gamle dalane.

 

Kartet under syner rørslene (kvite piler) til isbreane i den siste istida. «Vossabreen» har tapt mykje terreng til «Sognefjordbreen» og «Hardangerfjordbreen». Mykje av «Hardangerfjordbreen» bøygde av til den djupe Bjørnafjorden og Korsfjorden i staden for å gå ut Bømlafjorden.

  • Kontrastfylket

Kontrastfylket, her illustrert ved histogram over arealfordelinga i ulike høgder for tre hordalandskommunar: viddekommunen Ullensvang, dal- og fjordkommunen Kvinnherad og strandflatekommunen Radøy. (Kjell Helge Sjøstrøm)

 Hordaland før istidene, slik geologen tenkjer seg det

 Hordaland før istidene, slik geologen tenkjer seg det, eit landskap utan fjordar, øyar og vatn, men med elvar, slik som «Hardangerelva» og «Vosso», som når heilt ut til delta ved kysten. (Inge Aarseth/Masaoki Adachi)

Sildabudalen i Eidfjord, mot vest

På Hardangervidda er topografien lite endra frå før istidene. Sildabudalen i Eidfjord, mot vest. (Svein Nord)

Kløfta ved Rastalii

Kløfta ved Rastalii nedst i Raundalen er eit godt døme på ein trong V-dal der Raundalselvi har skore seg gjennom den harde kvartsskiferen. (Svein Nord)

Ryggen over Meringanolten

Ryggen over Meringanolten til høgre bak garden er ei dalskulder som står att og markerer ein dalbotn frå før istidene. Rastalii nedanfor er såleis ein dal i dalen. (Inge Aarseth)

Trolltunga

Trolltunga (også kalla Sylen) og Ringedalsvatnet i Odda, ein kjend attraksjon i fjella ovanfor Tyssedal. (J.H.Küenholdt A/S)

Mot Austfjorden og Fensfjorden frå Dyrdal

Mot Austfjorden og Fensfjorden frå Dyrdal. Denne fjorden er graven ut langs Bergensbogeskjersona, ei gammal sone med svakare fjell som istidsbreane forsynte seg villig av. (Svein Nord)

Veafjorden aust for Osterøy med utsyn sørover frå Kallestad.

Veafjorden aust for Osterøy med utsyn sørover frå Kallestad. Fjorden er utgraven av isbrear langs ei av dei mest markerte nord-sørgåande sprekkesonene i fylket. Legg merke til det relativt jamne viddenivået på båe sider. (Helge Sunde)

Den freda Valursfossen markerer dalenden til Hjølmodalen i Eidfjord

Den freda Valursfossen markerer dalenden til Hjølmodalen i Eidfjord. Veigdalen ovanfor utgjer den gamle dalen, som er lite endra sidan før istidene. (Svein Nord)

Valurdi ovanfor Farestveit i Modalen

Ei enorm vifteforma steinrøys, Valurdi ovanfor Farestveit i Modalen, vart til då meir enn ein million kubikkmeter berg losna ein gong etter istida. Skredet gjekk ned dalsida, over elva som no er oppdemd, og litt opp på motsett dalside. I dag er ura skogkledd, men dei største steinblokkene er lette å sjå. (Svein Nord)

Jarnbanelinja ved Vaksdal.

Større og mindre steinsprang er vanleg frå dei bratte isforma dalog fjordsidene i Hordaland. Her har eit steinsprang sperra jarnbanelinja ved Vaksdal.

  • Ahlman, H. W: son. 1919. Geomorphological studies in Norway. Geografiska Annaler 1.
  • Andersen, B. G. 2000. Istider i Norge. Landskap formet av istidens breer. Universitetsforlaget.
  • Gjessing, J. 1967. Norways paleic surface. Norsk Geografisk Tidsskrift 21: 69–132.
  • Gjessing, J. 1978. Norges landformer. Universitetsforlaget.
  • Holtedahl, H. 1967. Notes on the formation of fjords and fjord-valleys. Geografiska Annaler A 49:188–203.
  • Holtedahl, H. 1975. The Geology of the Hardangerfjord, West Norway. Norges geologiske undersøkelse.
  • Mangerud, J. 1976. Fra istid til nåtid. I: Hartvedt, G. H. (red.). Bygd og by i Norge. Hordaland og Bergen:111–151.
  • Nesje ,A.; Whillans, I. M. 1994. Erosion of Sognefjord, Norway. Geomorphology 9:33–45.