• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Jordalsgjelet

Frå Jordalsgjelet. (Svein Nord)

DET STORE ELVETJUVERIET

Gjennom dei siste istidene vart delar av Vossevassdraget stolne og sende ned Nærøydalen til Nærøyfjorden. Før det store elvetjuveriet rann alle elvane heilt frå fjellheimen kring inste delen av Nærøyfjorden og vidare sørover mot Voss. Spora etter tjuveriet er framleis godt synlege i terrenget.

Elvane i Brekkedalen og Jordalen gir grunn til mistanke: Dei har først stø kurs sørover mot Voss, det opphavlege reisemålet i det fjerne, men så snur vatnet brått mot nordaust i møtet med Nærøydalen. Dalhyller på begge sider av Nærøydalen viser òg restar etter ein gammal elvedal som gjekk mot Voss.

Korleis gjekk dette tjuveriet til? Også her er det istidsbreane som gir forklaringa: Breane var meir effektive langs den gamle «Sognaelva» enn i dalane som gjekk mot Voss. Etter mange istider resulterte utgravinga i at Sognefjorden vart forlengd, ikkje berre austover, men òg inn sidefjordane. Breen i det som no er Nærøyfjorden og Nærøydalen, grov seg attende, slik at vatnet som rann mot Voss, vart innhenta, eller stole. Dalane som opphavleg gjekk sørover mot Voss, vart hengjande dalar til Nærøydalen, og vatnet fann ein lettare veg mot nordaust. «Vasstjuven» nådde nesten heilt inn til Oppheimsvatnet, men ikkje lenger. Dalenden ved Stalheimsfossen er eit dramatisk trappetrinn i landskapet. Trinnet markerer overgangen frå den inste delen av Nærøydalen, der isen har grave djupt og iherdig, til den opnare dalen ovanfor fossen, der breen til samanlikning ikkje greidde å utretta stort. Då elvane tidlegare rann mot Voss, danna dei eit naturleg mønster, som eit tre med greiner, slik dei fleste vassdraga gjer. Etter at dei vart innhenta av Sognefjorden og Nærøyfjorden, dannar dalane eit mothakemønster, «agnor», og blir derfor kalla agnordalar.

  • Før elvetjuveriet
  • Etter elvetjuveriet

Retninga til elvane i Nærøydalområdet før elvetjuveriet og i dag, etter elvetjuveriet. (Eyvind Sindre/Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Frå Nærøydalen mot Jordalsnuten

«Sukkertoppen» og «Helvete»

Like ved grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, ved foten av Stalheimskleiva, står eit vegskilt som viser at det er 3 kilometer til Jordalen. På utsida av tunnellen som opna i 2016 ligg det imponerande Jordalsgjelet, og etter å ha passert gjennom tunnellen kjem ein til den vakre Jordalen, som opnar seg mot fjellheimen.

 

Jordalselvi har eit fall på over 300 meter på den knapt 2 kilometer lange strekninga gjennom gjelet. Det gir solid energi til å grava. Stadig rasar stein ned i elva frå dei bratte fjellsidene, og denne steinen vart nytta som arbeidsreiskap til å slipa og skura elvebotnen. Eit så djupt gjel treng lang tid på å formast. Elva er enno ikkje ferdig med arbeidet sitt. Det er dette gjelet som er kalla «Helvete» i Per Sivles forteljing «Berre ein hund».

 

Over gjelet tronar Jordalsnuten som ein sukkertopp. Fjellet inneheldt anortositt som størkna til fjell djupt nede i jordskorpa i jorda si urtid. Etter kvart som fjellkjeda vart erodert og nedhøvla, og anortositten til slutt kom opp i dagen, minka trykket i fjellet. Mindre trykk førte til at det vart danna utvidingssprekkar i anortositten. Sprekkane utvikla seg parallelt med overflata, om lag som på ein løk. Same type sprekkar har forma den kjende «Sukkertoppen» ved Rio de Janeiro. Men i Nærøydalen har frostsprenging skrelt av desse «løklaga». Dermed vart Jordalsnuten til Hordalands «sukkertopp», rett nok i hopehav med nabofylket i nord.