Publisert: 03.11.2015 | Forfattar: Svein Indrelid

Bronsefunn frå Ålvik (Ann-Mari Olsen, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 6877)).
BRONSEFUNN FRÅ ÅLVIK
Under nokre steinar i utmarka på Vikedal, Indre Ålvik, vart det for snart 100 år sidan funne tre halsringar og to smykkenåler av bronse. Slike funn, bortgøymde i mark og urd, vert kalla depotfunn. Vi veit ikkje om dei skal tolkast som bortgøymde skattar eller som offer til guddomar og vette.
Funnet kan daterast til slutten av bronsealderen, 6-700 år f.Kr. og finst no på Universitetsmuseet i Bergen.