• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

For bortimot 50 år sidan kom det for dagen ein runestein i ein låvemur på Rosseland. På eine flatsida er rita inn 25 runeteikn. Innskrifta skal lesast frå høgre mot venstre og lyder: «EKWAGI­GAR­IRILARA­GILA­MUDON».

Runegranskaren, professor Carl Marstrander, tolka innskrifta og daterte henne til 400-talet eller første del av 500-talet e.Kr. I ei språkdrakt noko nærare vårt mål skulle ho lyda: «eg, Wagigar, agilamunda sin irilar».

Den som talar, heiter Wagigar. Han kallar seg «irilar», eit ord vi kjenner frå fleire andre nordiske runeinnskrifter. Ein meiner det har tydinga «runemeister» – den som var runekyndig. Wagigar var i teneste hjå agilamunda – ei kvinne, og var hennar irilar. Ho har tydeleg stått høgare på rangstigen enn han, sjølv om det var han som meistra runekunsten.

Steinen kjem truleg frå ei grav her ein stad, og vart rekna som høveleg byggjevyrke då låvemuren vart oppsett i slutten av 1820-åra. Lite visste vel murarane at steinen gjev oss namna på to av dei som budde i bygda halvtanna tusen år før.

Rosselandssteinen står i dag på Universitetsmuseet i Bergen.

  • Runealfabet på eit feleskrin frå Tørvikbygd

Bonderuner i Kvam

På eit gammalt feleskrin frå Tørvikbygd, datert 1785, er det innskore med kniv eit heilt runealfabet. Dette er ikkje den einaste staden runer dukkar opp i den seine tradisjonen i desse bygdene i Kvam. Mellom golvbjelkane i ei løe på Aksnes ligg det ein bjelke med tydelege runer skorne inn på den eine flatsida. Restar av runebrett med innskorne alfabet er kjende frå fleire gardar, og etter kvart stig det fram for oss ein lokal tradisjon med det vi kan kalla «bonderuner»; brukte som «løyndespråk» ved kjøp og sal av båtar og andre varer. Tradisjonen fortel at hardangerjektene kunne ha eit slikt runebrett montert på ein høveleg stad om bord, som førebilete. Det tyder vel på at dette neppe kan vera nokon gammal tradisjon.

 

Det har vore spekulert mykje på kva bakgrunn denne seine bruken av runer kan ha. Det er mest nærliggjande å tenkja seg at denne tradisjonen har eit litterært grunnlag, på bakgrunn av Ole Worms runepublikasjon på 1600-talet som fornyar kjennskapen til og interessa for runer. Det er likevel eit faktum at det gjer seg gjeldande seine runetradisjonar på Bryggen, heilt fram på 1400-talet, og det er førebels eit spørsmål ingen har kunna svara på om det heilt kan utelatast at det kan vera tale om ein sein runetradisjon som gradvis går i gløyme utover på bygdene.

Marstrander, C. J. S. (1952) Rosselandssteinen. Årbok (Universitetet i Bergen), Humanistisk serie, nr. 3. Bergen, UiB.