• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

•	Røyrgata til Gamle Bjølvo kraftverk med skinnegangen til trallebanen til venstre.

Røyrgata til Gamle Bjølvo kraftverk med skinnegangen til trallebanen til venstre.

Gamle Bjølvo kraftverk ved Ålvik i Kvam herad vart bygd som eit privat industriverk under første verdskrig, og det første aggregatet vart sett i drift i 1918. Straumen hadde kort veg inn til Bjølvefossen smelteverk, som ligg nesten vegg i vegg med kraftverket. 100 år seinare vart kraftverksbygningar og røyrgate demonterte, med statlege krav om gjenvinning av minst 90 % av materialet.

Ved å ta i bruk retten staten har til å overta kraftanlegg utan betaling når konsesjonsperioden for eit anlegg er over, den såkalla heimfallsretten, overtok staten kraftverket i 1964. Staten sitt eige kraftselskap, Statkraft, vart ansvarleg for drifta frå 1997. Vassressursane til Gamle Bjølvo kraftverk kunne nyttast meir effektivt ved å byggja eit meir moderne kraftverk, og i 2004 stod eit helt nytt kraftverk klart inne i fjellet, like ved det gamle. Vassvegen frå magasina oppe på høgfjellet hadde tidlegare vore gjennom to jernrøyr som låg solid forankra i betongfundament nedover den bratte fjellsida mot Hardangerfjorden. Røyrgata var eit landemerke, synleg frå store område på begge sider av fjorden. No går driftsvatnet i fjelltunnelar og er synleg berre på ei kort strekning frå utløpet av kraftverket til fjorden.

Statkraft hadde ikkje bruk for den gamle kraftstasjonen og ønskte å riva alt for å kunna spara dei vedhaldande utgiftene til sikringstiltak. Fylkeskommunen var i utgangspunktet ikkje einig med Statkraft og ønskte ein fredingsplan. Også Kvam herad ønskte at viktige delar av kraftanlegget skulle takast vare på. Statkraft hadde alt gått med på verning av røyrgata og den gamle kraftstasjonen i Tyssedal, også i Hardanger, og meinte at det fekk vera nok. Etter nokre år med diskusjonar fekk Statkraft det som dei ønskte mot at det først blei gjennomført eit grundig dokumentasjonsprosjekt utført av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM).

Rivinga av kraftverksbygningar, røyrgate og tilhøyrande byggverk vart lyst ut på anbod. I anbodsspesifikasjonane var eit av krava at minst 90 % av det som vart rive, skulle gjenvinnast. Firmaet som fekk oppdraget, brukte helikopter til å fjerna dei øvre delane av røyrgata bit for bit. Den nedre delen vart frakta ned med ein kabelbane. Røyra vart først skorne opp i passande lengder – då var det viktig å sikra at ingen røyrbitar begynte å trilla nedover dei stupbratte skråningane mot Riksveg 7 og busetnaden.

Rivinga av Gamle Bjølvo kraftverk gjekk etter planen, og gjenvinningsgraden på 90 % vart overoppfylt. Kvam herad overtok mykje av inventar og lausøyre frå kraftverket, og alt jern vart sendt til omsmelting i Mo i Rana. Gammal betong vart knust opp til bruk i nye byggjeprosjekt.

100-åringen Gamle Bjølvo kraftverk er nå borte, men materialane vil framleis vera til nytte i nye funksjonar.