• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Veideristningane

Veideristningane ligg på toppen av Salthamaren (Svein Nord).

Ved Salthamaren i Vangdalsberget skal det ein gong i tida ha vore brent salt, og djupe kollag i jorda syner at her har vore gjort opp eld mange gonger. Men dei var neppe saltbrennarar dei første som gav seg til her. Nokre av dei rita figurar inn i berget. På toppen av hamaren, ytst på stupet, hogg ein flokk steinalderjegerar dyrebilete. Meir enn 1500 år seinare teikna bronsealderbønder skipsfigurar ved bergfoten. Begge desse kunstverka – mellom dei eldste i Hordaland – kan ein framleis sjå, innhogne i berget på Salthamaren.

Ristningane på toppen av berget høyrer til hovudgruppa «veideristningar». Ein meiner dei er frå steinalderen, og at dei kan vera 5000 år gamle eller meir.

Her er fleire dyrefigurar, men berre to av dei er no fullstendige. Den eine tykkjest vera ein elg, den andre ein hjort. Figurane er hogne med sikker hand og syner at kunstnaren langt på veg hadde evne til å gje att dyrekroppane anatomisk korrekt.

Difor må ein undra seg over at eit par menneskefigurar som finst på same feltet, er teikna så hjelpelaust naivistisk. Hoggeteknikken er den same, og det er liten grunn til å tvila på at dei er frå same tid som dyrefigurane. Er det ein mindre dugande «kunstnar» som har prøvt seg her? Eller kan det vera slik at menneskefigurar skulle teiknast på denne måten?

Figurane ved foten av hamaren er av eit heilt anna slag og høyrer til eit anna folk. Dette er «jordbruksristningar» frå bronsealderen. Dei kan vera kring 3000 år gamle.

Her skal vera 22 figurar i alt, mest skip. Av desse er 11 sikre og tydelege, medan 8 no berre er restar, der delar av kjølliner, relingsliner eller «mannskapsstrek» kan skimtast. Vidare finst eit par enkle ringfigurar og ei einaste skålgrop.

Det er heilt uvanleg i vårt land at eit og same berg har ristningar frå begge dei to hovudtradisjonane i «bergkunsten». I så måte er Salthamaren eit sjeldsynt unntak.

  • Jordbruksristningane ved foten av hamaren

Jordbruksristningane ved foten av hamaren (Svein Nord).