• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kvamskogen, mot nord

Kvamskogen, mot nord. (Svein Nord)

FJELL SNUDD PÅ HOVUDET

Dei ulike bergartseiningane som vart skuva inn over Hordaland i kambrosilurtida, vart liggjande att lag på lag, nærast som ei kake. Men på Kvamskogen er kaka snudd på hovudet.

Under kollisjonen med Grønland for over 400 millionar år sidan vart ulike bergartseiningar, skyvedekke, stabla oppå kvarandre. Dei som vart slitne av jordskorpa nærast, hamna under dei som kom langvegs frå. På toppen av kaka i det meste av Hordaland ligg dei langtvandra og framandvorne skyvedekka. Desse såkalla eksotiske bergartane er grønlege og kjem frå eit gammalt havområde som fanst mellom Grønland og Noreg i kambrosilurtida. Men på Kvamskogen og i fjella nord for Norheimsund og Øystese er den geologiske lagpakken snudd på hovudet. Dei eksotiske bergartane ligg ikkje øvst, slik dei har for vane – i desse områda kviler andre bergartar oppå dei grønlege bergartane;det er skyvedekka i Bergsdalsdekka som tronar høgast på Kvamskogen.

Den snudde kaka viser særleg godt att i Steinskvanndalen. Vegen inn i dalen ligg på dei eksotiske, grøne bergartane (glimmerskifer og grønskifer). Fjella rundt er grunnfjell tilhøyrande Bergsdalsdekka, som ligg oppå dei grøne bergartane.

Grunnen til denne lagdelinga er ei stor overfalding under fjellkjededanninga. Overfaldinga førte til at ei svær tunge av Bergsdalsdekka vart falda inn i dei overliggjande eksotiske bergartane. Berre den underste delen av denne tunga viser att i vår tid. Dei kvartsrike og harde bergartane i Bergsdalsdekka ligg att og dannar vakre fjellparti over dei grøne bergartane.

  • Prinsippskisse over geologien på Kvamskogen.

Same perspektivet som biletet over med geologiske einingar.

  • Vinterstid er Mødalen, «Negerlandsbyen» og Såta populære utfartsmå

Vinterstid er Mødalen, «Negerlandsbyen» og Såta populære utfartsmål. Over heile Kvamskogområdet fell det store mengder nedbør, ofte som snø. (Alf Adriansen)

  • Serpentinitt

Serpentinitt

Øvst i Mødalen, mot Såta, ligg fleire bergartskroppar av serpentinitt i kambrosilurlaga. Nokre få stader er steinen omdanna til mjuk kleberstein. Her har folk rissa inn namnet sitt med kniv. På sprekkar i serpentinitten finst det òg fibrige asbestmineral. (Haakon Fossen)

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 424:23–50.
  • Kvale, A. Petrologic and structural studies in the Bergsdalen quadrangle, western Norway. Bergen Museums Årbok 1946–47,Naturvit.rekke,1.
  • Rekstad, J. 1911. Geologiske iagtagelser fra nordvestsiden av Hardangerfjorden. Norges geologiske undersøgelse.