I Botnagrenda inst i Fyksesundet – i dag eit fråflytta lokalsamfunn – ligg eitt av dei mest autentiske og verneverdige kulturlandskap i Hordaland, slik det var på slutten av 1800-tallet. Eit livskraftig lokalsamfunn var det her inne i den veglause grenda, og eitt av dei første ungdomslaga i Hordaland vart skipa her inne. På den brattlendte garden Skåro, halvveges ute i Fyksesundet budde også dugande folk: To brør av eit stort syskenlag vart ordførarar og stortingsmenn: Geirmund (1851-54) og Nils (1871-85). Ein tredje bror, Johannes, vart biskop i Nidaros i 1892. Son til Nils, Nils Nilsen Skaar, var også stortingsmann (1910-24). Einebuaren Jon J. Skaar som døydde i 2013 var den siste bonden på Skåro.
Publisert: 19.02.2013 | Forfattar: Nils Georg Brekke
Botnagrenda (Helge Sunde).
Fyksesundet og Botnagrenda gjev ei fin oppleving av landskap og kulturhistorie; eit geografisk avstengt lokalsamfunn med vid kulturkontakt til omverda.
- Bjørndal, A. (1952) Nasjonalinstrumentet hardingfela 1651-1951. I: Norsk folkemusikk. Bergen, s. 33-92.
- Velure, J. (1973) Felemakarar i Hardanger. I: Brattebø, L. & Kvestad, J. Hardanger spelemannslag 25 år: 1948-1973. S. 48-56.