• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fykse

FJELLSKREDET PÅ FYKSE

Mange stader i fylket vitnar steinurer om store steinsprang og skred. Men at det største skredet etter istida gjekk på austsida av Fyksesundbrua, er ikkje lett å sjå. Gardsvegen til Klyve går gjennom tunet på Fyksegardane, der kjempestore steinblokker ligg strøydde ikring. På garden har ein lenge visst at grunnen var full av «kaldeholer», som vart nytta til lagring av matvarer. Ja, så store er dei at den felespelande bonden held konsertar for opptil 100 turistar i ein 18 meter lang og 4 meter høg hall, «Døse», under jorda.

Vegen like nord for garden går i eit lite dalsøkk, som markerer bakkanten av skredtunga. Øvst i lia ser vi kanten der skredet losna i om lag 480 meters høgd. At massane på 10 millionar m3 ligg i ro, er det austre brutårnet til Fyksesundbrua vitne om. Brutårnet har stått sidan 1937, midt i skredmassane.

  • Thoresen, M. K.; Lien, R.; Sønstegaard, E.; Aa, A. R. Hordaland Fylke. Kvartærgeologisk kart 1:250 000. Norges geologiske undersøkelse.