• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gammal furuskog i Husedalen

Gammal furuskog i Husedalen. (Jan Rabben)

GAMMAL FURUSKOG

Hardangervidda har knapt vakrare innfallsport for vandrarar enn Husedalen. Elva, fossane og det storfelte landskapet er velkjent; mindre påakta er den særmerkte og gamle furuskogen i den sørvestvende lia ovanfor kraftverket.

Det er ikkje uvanleg å finna furukraggar som er eldre enn 350 år i denne skogen. I toppen er trekronene flate, eit teikn på at høgdeveksten har stoppa. Både gaddar, daude tre som står oppreist, og læger, trestammer som ligg på bakken, er sikre alderdomsmerke. Den eldste skogen veks høgt oppe i lia. Det var tungvint å driva ut tømmer i slikt terreng. Det er grunnen til at så mange gamle tre har vorte ståande.

For nokre tiår sidan vart eit felt av furuskogenråka av skogbrann. I brannen måtte gamle furutre gi tapt. Nokre restar står framleis att som borklause, grå og heilt uttørka stammer. Etter brannen vart det gode vekstvilkår for ny skog. I tillegg til furu har det vakse opp mykje bjørk og osp på brannflata. Ein annan stad i Husedalen veks kjempestore ospetre, som kanskje har spirt etter ein brann, ein gong for svært lenge sidan. Skogbrann kan lett bli utløyst av lynnedslag i denne furuskogen, ettersom sommarklimaet i Husedalen er relativt tørt og varmt.

Somme trekk ved vegetasjonen skil seg frå mykje av furuskogen elles i fylket. I den delen av furuskogen i Husedalen som vender mot sør og vest, er det til dømes mykje lav. Slik lavdominert furuskog er meir typisk på tørr og næringsfattig grunn på Austlandet enn vestpå. Skogbotnen har dessutan få artar, og tilveksten til trea går svært langsamt. Forutan lav er det òg mykje mose. Spesielt kvitkrull, reinlav og heigråmose er med på å gi skogbotnen ein heilt lys farge, som er godt synleg på avstand. Blant mattene med lav og mose veks det nokre nøysame lyngartar, først og fremst røsslyng og blokkebær.

Men lavskogen utgjer berre ein del av furuskogen i Husedalen. På stader med lausmassar og djup jordsmonn er skogen meir frodig. Blant blåbær og tytebær veks fleire artar av vintergrøne planter, mellom anna nikkevintergrøn, klokkevintergrøn, perlevintergrøn og furuvintergrøn. Den siste er austleg og trivst best i indre strøk av fylket, gjerne i same slags skog som orkidéen knerot.

  • Nyastølfossen, ein av dei mektige fossane i Husedalen

Nyastølfossen, ein av dei mektige fossane i Husedalen. (Alf Adriansen)

  • Raudstjerten

Raudstjerten er fåtalig på Vestlandet, men finst i gammal furuskog, ofte inst i dalføra, som i Husedalen. (Thor Østbye)

  • Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk.1974. Dyrelivet på Hardangervidda. I: Hardangervidda: Natur – kulturhistorie – samfunnsliv. Norges Offentlige Utredninger 1974: 30B: 79–97.
  • Moe, B.; Korsmo, H.; Svalastog, D. 1992. Verneplan for barskog. Regionrapport for Vest-Norge. NINA Utredning 31.