• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bryllaup i Kinsarvik kyrkje

Bryllaup i Kinsarvik kyrkje tidleg på 1900-talet (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 787)).

Kyrkja i Kinsarvik har etter alt å dømma vore ei av dei fire fjordungskyrkjene i det gamle Hordafylket. Den steinkyrkja som står i dag, vart restaurert av domkyrkjearkitekt Chr. Christie i 1880 og på nytt av arkitekt Peter Helland-Hansen i 1960-61. Då vart det også gjennomført ei arkeologisk undersøking, som har gjeve nye kunnskapar om kyrkja.

Den første kyrkja i Kinsarvik var ei lita trekyrkje, med tak og vegger borne av jordgravne stolpar. Denne kyrkja må ha vore bygd alt på 1000-talet. Ho vart avløyst av den noverande steinkyrkja mot slutten av 1100-åra. Vestportalen i skipet og sørportalen i koret har detaljar som syner slektskap med overgangsstilen mellom romansk og gotisk stil, slik vi kjenner han frå England i andre halvdel av 1100-åra. Det kan vera cisterciensarmunkane i Lyse kloster som førte denne stilen til Vestlandet.

I skipet er det restar av mellomalderlege kalkmåleri; ei dommedagsframstilling med erkeengelen Mikal, «Sankte Sålemikkjel», som veg sjeler i ei skålvekt. Altertavla skriv seg frå 1690-åra; døypefonten, av kleberstein, er frå mellomalderen. Preikestolen har ei spesiell form. Opphavleg kan han ha stått framfor korbogen som ein såkalla lektoriepreikestol; ein type som er sjeldan i Noreg. Stolen, som er måla av Petrus Reimers frå Neustadt i 1609, vart gjeven til kyrkja av lensherre Jørgen Brockenhuus. Under restaureringa i 1961 vart den gamle gallerifronten sett på plass att.

  • Prydmålinga på gallerifronten frå midten av 1600-talet

Prydmålinga på gallerifronten frå midten av 1600-talet er gjenskapt med store, dekorative blomeurner i fyllingsfelta av rosemålaren Johannes Rørvik (Svein Nord).

  •  Kalkmåleri i Kinsarvik kyrkje

I restane av kalkmåleriet skimtar vi «Sankte Sålemikkjel» (Egil Korsnes).

  • Christie, H. (1961) Kinsarvik kirke og dens restaurering. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 47-112.