• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mellomalderstova på Huse

Mellomalderstova på Huse (Egil Korsnes, eigar: Hardanger Folkemuseum).

Garden Huse ligg på ein vid terrasse i dalen ovanfor kyrkja og allmenningen i Kinsarvik. Huse er ein av dei største gardane i Kinsarvik. Mellomalderstova som står på Huse i dag, truleg frå midten av 1200-talet, er bygd saman med eit bustadhus i sveitserstil kring 1890. Denne årestova ber bod om ein gammal storgard og om hovdingmakt i tidleg mellomalder.

Sjølve namnet Huse – dativ eintal av hus – kan tyda på ein samanheng med Husebynamnet, som er kjent frå andre stader: ei hussamling ved eit administrativt eller militært sentrum. Det høver på Huse; ein stor og god gard nær kyrkje, tingstad, marknadsplass og leidangsskip – ein «kongens gard» som etter rikssamlinga vart sete for lokale ombodsmenn. Snorre nemner at kring 1200 sat kong Sverres frende, Martein kongsfrende, i Kinsarvik. Truleg heldt han til på Huse. Garden var alt i mellomalderen delt i to bruk. Stova i det nedre tunet vart riven i 1870, medan stova i det øvre tunet framleis står; prega av høg handverkskunst i den forseggjorde portalen med halvsøyler, tausnoingsmotiv og elegante konturliner på avbladingane, der dei storlagde tømmerstokkane beiter inn i beitskiene.