• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Måge

Frå Måge (Svein Nord).

2000 ÅR GAMMAL STEININDUSTRI

Kleber er eit steinslag vi finn mykje av i Hardanger. Det går store klebergangar i fjellet under Folgefonna. Desse gangane kjem ut i dagen både i Krossdalen i Jondal, ved Kvitno i Odda og ved Måge i Ullensvang. Det er mange spor etter kleberbrot i Hardanger, og eitt av dei største felta ligg oppe i lia ovanfor Måge.

NRK "Ut i naturen"

Kleber har spesielle eigenskapar. Steinen er tung og mjuk og har evna til å halda på varme. Desse eigenskapane har vore utnytta på ulik måte; til å telja til fiskesøkke, til vevlodd eller «kljåsteinar», til støypeformer, til gryter og til steinheller. Gryter av kleberstein har vore nytta i Noreg heilt frå hundreåra før Kristi fødsel, men verkeleg storindustri vart ikkje dette før i vikingtida og i mellomalderen. Den fint profilerte bygningssteinen i mellomalderkyrkjene er kleberstein. Men bruken av kleberstein til gryter i det daglege hushaldet går altså 2000 år attende. Med pigghakke og meisel vart gryta grovforma, slik at ho stod på ein tapp ut frå bergveggen. Så vart gryta hoggen laus, uthola og pussa. Klebergrytene hadde den store føremonen at oppvarminga vart jamn; grytene heldt på varmen og grauten vart ikkje svidd.

  • Klebergryte frå Måge

Klebergryte frå Måge (Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 6362)).

  • Dei underjordiske gangene ved Raudesteinane

Frå dei underjordiske gangene ved Raudesteinane (Jan Rabben).

  • Kleberbrot
  • To av myntane frå Måge

Mågeskatten

Gøymd i ei stor steinrøys på Måge, fann to gutar under leik, ein dag i byrjinga av 1900-talet, ei klebersteinsgryte full av sølvmyntar; ein heil sølvskatt. Klebersteinsgryta, som skreiv seg frå vikingtida, viste seg å vera fylt med 240 sølvmyntar, 3 sølvringar og 2 bronseslag. Av myntane var det 4 tyske og 8 franske penningar, medan resten var norske. Nokre av myntane var slått under kongane Magnus den gode (1035-47) og Harald Hardråde (1046-66), men dei fleste under brørne Magnus (1066-69) og Olav Kyrre (1066-93). Myntane syner at heile skatten må ha vorte gøymd vekk ein gong etter år 1080.

  • Hansen, O. (1938) Klebber-gruvone i Sørfjorden. Minne etter bergmenn fra utgamle tider. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 30-35.