• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Akvarell av frukthagen og prestegarden i Ullensvang

Akvarell av frukthagen og prestegarden i Ullensvang, måla av prost Niels Hertzberg kring 1820.

PROST NIELS HERTZBERG – EIN PIONER

For godt og vel 200 år sidan starta presten Niels Hertzberg klimaobservasjonar på prestegarden på Lofthus i Ullensvang. Hertzberg var på mange felt ein aktiv føregangsmann, med stor interesse for naturvitskap. Temperatur og lufttrykk på prestegarden vart avlesne dagleg – ofte fleire gonger om dagen – med eigenproduserte instrument. Dei meteorologiske målingane starta i desember 1797 og vart ikkje avbrotne før i 1840, året før han døydde.

Etterkomaren i embetet hadde ikkje dei same verdslege interessene, og det vart slutt på observasjonane då han overtok prestegarden. Men i 1865 tok presten Hans Irgens opp att rutinen med daglege temperaturavlesingar. Og sidan Irgens’ tid har tradisjonen vore halden i hevd, berre med mindre avbrot.

Observasjonane i Ullensvang i åra 1797– 1840 har spesiell interesse, ettersom dette er dei eldste komplette temperatur- og lufttrykkobservasjonane som er utførte i Noreg over så mange år. Fagmiljø ute i Europa vart tidleg merksame på desse målingane. Hertzberg sjølv publiserte dei første 15 åra av måleserien i 1813 i Historisk-Philosophiske Samlinger. 25-årsserien kom i Magazin for Naturvidenskab i 1824. I 1831 har von Kämtz teke med middeltemperaturar frå denne serien i si Lehrbuch der Meteorologie. Frå denne boka vart så klimatabellane frå Ullensvang kopierte i mange andre seinare fagbøker.

  • Figuren viser gjennomsnittstemperaturar for våren (mars–mai) kvart år i 200-årsperioden 1798–1997

Figuren viser gjennomsnittstemperaturar for våren (mars–mai) kvart år i 200-årsperioden 1798–1997. Det er om lag 7 ºC skilnad mellom den varmaste og den kaldaste våren. Dei lågaste middeltemperaturane finn vi i 1812, då månadsmiddelen for mars og april var høvesvis 5,6 og 5,1 ºC under dagens normalverdiar på 1,7 og 5,2 ºC. Den varmaste våren finn vi i 1832, då middelverdiane for dei same månadene var høvesvis 2,3 og 4,1 ºC over normalane i vår tid. Samanlikna med dette har kanskje ikkje år-til-årvariasjonane og avvika frå normale tilstandar vore spesielt dramatiske dei siste 30–40 åra.

  • Hertzberg, N. 1902. Af provst Nils Hertzbergs Optegnelser fra Ullensvang i Hardanger, Bergens historiske forening Skrifter 8:1.