• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nils Hertzbergs prospekt frå 1825 av «Ålmerket» og langskipstufta

Nils Hertzbergs prospekt frå 1825 av «Ålmerket» og langskipstufta (teikning: Nils Hertzberg, eigar: Manuskriptsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (188a)).

MELLOMALDERSTADEN

Kinsarvik har truleg vore eit sentrum for dei indre hardangerbygdene heilt attende til forhistorisk tid. Etter segna skal det ha lege ein marknadsplass, ein kaupang, her i mellomalderen; eit knutepunkt i samferdsla og samhandelen mellom aust og vest. Det skal ha vore 300 fastbuande her, og staden skal ha gått til grunne etter ein stor lauseld.

Naturleg nok knyter det seg skepsis til slike segner, men gjennom arkeologiske utgravingar er det gjort funn av gjenstandar frå mellomalderen: spikar, båtsaum, kleberkar, kljåstein, knivskaft og brukskeramikk, særleg frå 1300- og 1400-talet. Mykje talar såleis for at det har vore ein busetnad her. Fjordungstinget vart halde i Kinsarvik fram til 1650, og i mellomalderen hadde St. Olavsgildet tilhaldsstad her. Då Borgstova vart flytta til gildestovetufta, som vart graven ut i 1957, synte det seg at også denne stod på kjellarmurar frå mellomalderen. «Ålmerket», almenningen ved kyrkja, kan ha vore meir enn berre ein marknadsplass. Segna fortel også om leidangsskipet «Hardinggeiti» som hadde opplagsplassen sin i langskipsnaustet i Kinsarvik. Nausttufta, Skiparstod, ligg tydeleg markert i terrenget i dag, ved nedkjøringa til ferjestaden. Segl og mast til leidangsskipet måtte lagrast tørt. Opninga i murverket øvst i kyrkjegavlen på Hertzbergs prospekt viser truleg at seglet og masta til «Hardinggeiti» vart lagra på kyrkjeloftet.

Skiparstod er 33 x 13 meter i flatemål, og dette naustet har hatt plass til to langskip. Korleis sjølve bygningen har sett ut, veit vi ikkje, men det har truleg vore eit naust med stolpevegger og tak over, slik vi ser spora av langskipsnaustet på Stend i Fana eller Bjelland på Stord.

  • Valen, V. Anrikning og transport av radongass i løsmasser : løsmassenes betydning for konsentrasjon av radon i boliger. «Prosjektrapport NORMIL 2000». Geofuturum, 1997.