• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Manger

Det flate lendet mellom Skageneset (i framgrunnen) og Manger sentrum (bak til venstre) blir gjerne kalla «steppene på Manger». Her finn ein nokre av dei jamnaste bergoverflatene i Ytre Hordaland; strandflata er særs godt utvikla i dette området. (Helge Sunde)

MANGERITT

Mangeritt er ein bergart som først vart gjort kjend av bergensgeologen Carl Fredrik Kolderup i ei avhandling i 1903. Bergarten fekk namn etter funnstaden, og har gjort Mangernamnet kjent over heile verda, i alle fall mellom geologar

Ulike mangerittiske bergartar er å finna fleire stader i Hordaland, men Manger er det geologar kallar typeområdet. Djupbergarten mangeritt liknar på granitt, steinarbeidarar vil truleg kalla han mørk granitt. På same viset som granitt inneheld mangeritt kalifeltspat og plagioklasfeltspat. Mangeritt er likevel meir basisk enn vanlege granittar, og er rikare på mørke mineral, som pyroksen, hornblende og mørk glimmer (biotitt).

Dersom vi studerer kalifeltspaten gjennom mikroskop, vil vi kunna sjå nokre karakteristiske, ormaktige striper som geologane kallar pertittstrukturar. «Ormane» kjem av ein natriumrik feltspattype som har skilt seg ut under avkjøling for om lag ein milliard år sidan.

På Radøy finst mangerittane i eit område som strekkjer seg nordover og austover frå Manger. I dette området dannar dei kollar som stikk opp i terrenget. Bergartar med same slektskapen finst òg andre stader i Bergensbogane, i høgfjellet frå Voss til Jotunheimen, i Lofoten og i Egersund-området. Somme stader er mangerittane rike på jernmalmar, som ilmenitt (titanjern), magnetitt eller hematitt. Slike mineral har vore skjerpa ved Selfallet på vestsida av Mangersvågen utan større suksess.

I verdssamanheng er mangerittbergartane nokså uvanlege. Derfor har Universitetsmuseet i Bergen brukt mangeritten som byteobjekt, og har slik auka samlingane av mineral frå andre stader i verda.

  • Mangeritt
  • mikroskopbilete av millimeterstort feltspatkorn

Mangeritt (over) og mikroskopbilete av millimeterstort feltspatkorn. Dei ormaktige stripene, pertittstrukturar, er karakteristiske for kalifeltspat i mangeritt. (Haakon Fossen)

  • Austrheim, H. 1978. The metamorphic evolution of the granulite facies rocks of Radøy, with special emphasis on the rocks of the Mangerite Complex. Cand. real avhandl. UiB.