• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Granatar på Vågenes

GRANATAR

På Vågenes, på eit av nesa ut mot Eitrevågen, finst granatar i anortositt, granatar som er både eldre, og ikkje minst større, enn vanleg.

Granat er eit mineral som finst mange stader i Hordaland, særleg i glimmerskifrane. Dei fleste av desse granatkrystallane er frå nokre millimeter til ein centimeter store. Desse granatane voks då temperaturen steig under den kaledonske kollisjonen mellom Grønland og Skandinavia.

På Vågenes kan dei raudbrune granatane bli «store som små barnehovud», som ein geolog ein gong skal ha sagt – og dei vart danna under ein tidlegare kollisjon. Det var den svekonorvegiske fjellkjedefaldinga, for om lag ein milliard år sidan, som sytte for svært gunstige vilkår for vekst av granatar i dette området: rett bergarttype, høveleg temperatur og rikeleg tilgang på mineralførande væsker med passande kjemisk samansetjing. Kvar granat har truleg brukt fleire millionar år på å veksa seg stor. Seinare har dei sprokke opp, helst i samband med den kaledonske fjellkjedefaldinga for 400 millionar år sidan. Oppsprekkinga har ført til at granatane ikkje på langt nær har smykkekvalitet. Men dei er fine å sjå på, og større finst knapt i Hordaland. Nokre stader har granatane forvitra heilt vekk og har etterlate seg groper i berget.

Forutan til smykke blir granatar brukte til poler- og slipemiddel, mellom anna til framstilling av sandpapir. Kunstige granatar blir òg brukte i laser- og dataindustrien.

  • 10 centimeter stor granat med typisk sekskanta krystallform

10 centimeter stor granat med typisk sekskanta krystallform. (Haakon Fossen)