• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kotedalen, Radøy

Frå utgravinga ved Fosnstraumen. 

Ved det søre festet for brua mellom Radøy og Fosnøy fann arkeologane ein steinalderbuplass utanom det vanlege. Her var tjukke «kulturlag» med leivningar av avfallsdyngjene frå eit fangstfolk. Staden heiter Kotedalen. Hit har dei kome, den eine flokken etter den andre, og slege seg ned nokre veker, månader, eller kanskje år, før dei drog vidare, og buplassen vart liggjande brakk. Gong etter gong har dette hendt. Minst 16 busetnadsfasar har kunna påvisast, spreidde over 5500 år.


Kva var det som drog folk ut hit, om att og om att gjennom 180 generasjonar? Svaret finn vi i avfallsdyngjene – eller rettare sagt i dei ørsmå beinrestane som fanst somme stader i oskelag og eldstader. Svært mange av dei beina som kunne bestemmast, var av fisk. Mellom pattedyrbeina dominerer sel og oter, og i fuglematerialet finst berre sjøfugl.

Funna syner at til alle tider har den fiskerike straumen lokka til seg både folk, dyr og fugl – som han gjer i dag. For Fosnstraumen er ein av dei beste fiskeplassane i Nordhordland. Det vart funne mange reiskapar og reiskapsrestar av stein på buplassen, og ei mengd med avfall frå tilverking av reiskap, om lag 230 000 gjenstandar i alt.

I det eldste laget, heilt på botnen av buplassen, fanst små, primitive flintøksar og pilespissar frå det første kystfolket. Dei slo seg ned ved straumen for nær 10 - 11000 år sidan. Men etter dei ser det ut for at staden vart gløymd og har lege langt på veg unytta i halvtanna tusen år. Kring 8500 år sidan kom eit anna folk til Kotedalen og oppdaga den rike matkjelda. I dei neste 3600 åra steig det rett ofte opp røyk frå buplassen i skogkanten ved Fosnstraumen.

Kring 2800 år f.Kr. – på den tid dei første store pyramidane i Egypt vart bygde – vart Kotedalsbuplassen nedlagd for godt. Dei fiska nok framleis i straumen, gjerne like mykje som før, men no låg buplassane andre stader. Heretter var det omsynet til åkerland og beitemarker som avgjorde kvar det var best å bu. I Kotedalen er det ein merka steinaldersti.

 

  • Utgravinga i Kotedalen, Radøy

Bilete frå utgravinga (Knut A. Bergsvik).

  • Fiskereiskapar frå steinalderen

Krok og taum var, saman med lyster, dei vanlegaste fiskereiskapane i steinalderen (Ann Mari Olsen).

  • Kart over buplassane i Fosnstraumen, Radøy

Frå steinalder til oljealder

Steinalderbuplassane har lege tett på begge sider av den fiskerike Fosnstraumen, ein av dei beste fiskeplassane langs Hordalandskysten. Det er maten, havets ressursar, som har drege folk hit gjennom mange tusen år. Ved stader som Fosnstraumen slo dei første fastbuande fangstfolka seg ned for 6000 år sidan, og her rydda dei første jordbrukarane seg bøar mot slutten av steinalderen.

  • Beinfragment

Fisket ved Fosnstraumen

  • Hufthammer, A. K. (1992) Zoologisk materiale fra Kotedalen. I: Arkeo, 1992 (1), s. 8-11.
  • Olsen, A. B. (1992) Yngre steinalder i Kotedalen. I: Arkeo, 1992 (1), s. 21-25.
  • Warren, E. J. (1992) Eldre steinalder i Kotedalen. I: Arkeo, 1992 (1), s. 17-20.