• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Syltastova, Radøy

Den gamle stova på Sylta er eit spor i landskapet etter bustadtradisjonar og handverkskunst frå mellomalderen. Framstova, «døra», er ny, men stovetømmeret er gammalt: fem omfar med stort, ovaltelgd tømmer som ligg på eit syllsteinfundament. Bordtak og sperrer er også nye. Framstova har ei stor, gråsteinsmurt grue med skorstein, men vi kan nokså sikkert gå ut frå at stova opphavleg har hatt åre eller røykomn. Om bygningen tidlegare har stått i hop med andre bygningar i tunet, veit vi ikkje i dag. Det er Nord- og Midhordland sogelag som eig stova, og som har restaurert henne. Under torvtaket ligg eit originalt nevertak. Dette arbeidet vart gjort i 2004. Grovt tømmer, bua døroverstykke og tjørekross over døra syner oss at dette er ein gamal bygning. Tømmeret til Syltastova vart høgd i tidsrommet 1550-1610.