• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ystebøtræet, Radøy

Husmannsplassen Ystebøtræet, på austsida av Radøy, ei knapp mils veg nord for Manger, skal vera bygd på slutten av 1800-talet. Under same tak ligg stove og løe, med ei steinlaga sval og ein steinskut i den eine gavlen. Den andre gavlen er dekt av ein stor gråsteinsmur. Stova er lafta og løa er grindbygd - ein klassisk kombinasjon. Husmannen her hadde nokre få mål jord og dreiv litt fiske i tillegg; eit lite, spartansk anlegg kring knappe ressursar. Dette vesle samanbygde huset viser den folkelege byggjeskikken frå si karakteristiske side: den enkle, nøkterne funksjonalismen gjev eit stramt, arkitektonisk uttrykk i landskapet.