• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gardfloren på Kolåseidet, Radøy

Gardfloren på Kolåseidet (Svein Nord).

Den vesle gardfloren som ligg ved bøgarden på Kolåseidet, mura i forband med steingarden, set sitt merke på kulturlandskapet. I grensa mellom innmark og utmark er gardfloren sjølve symbolet på det enkle ressurshushaldet – skiljet mellom slåttemark og beiteland. Og byggjemåten har røter langt bakover i tid.

Gardflorane står tomme i dag. Det er mange år sidan kyr på utmarksbeite vart mjølka om kvelden ved bøgarden eller sauene slepte i hus. Dagens kraftfòrbaserte jordbruksproduksjon har gjort gardfloren overflødig. Slik er desse enkle steinbygningane uttrykk for ein ressursbruk som har prega alle generasjonar før oss. Vår tid treng ikkje lengre å tøya seg etter det magre utmarksbeitet som har halde liv i husdyra – og i folket.

Gardflorane i Nordhordland er bygde i gråstein; mange av dei mura i forband med bøgarden, det vil seia at steingarden og steinveggen i huset er mura i skift med einannan. Byggjemåten har røter bakover mot forhistorisk tid; mange av dei steinmura geilene som førte buskapen frå utmark og inn i fjøset har vore mura slik. Vi veit at steinmuring hadde ei oppbløming i Nordhordland på slutten av 1700-talet, tilskunda av dei ressursmedvetne borgarane i Det Nyttige Selskab, men steinbyggingstradisjonen er mykje eldre.

  • Gamlevegen

Gamlevegen

  • Skogmeister Ole Kolås mønstrar resultatet av skogplantinga på 1900-talet.
  • Svartmeis, ein art som på Vestlandet finst så å seia berre i granskog.
  • Det er gjerne lite vegetasjon i granskogen, men soppane meistrar det skuggefulle miljøet. Den giftige raud flugesopp er ein av dei..

Skogplanting

Skogreisinga tok til på Radøy alt på slutten av 1800-talet, men dei fleste trea vart planta frå midt i 1950-åra til midt i 1970-åra. Berre i 1957 vart det planta heile 428 000 tre i kommunen. Drivkrafta var ynsket om å auka jordverdiane og å gjera det opne landskapet vakrare og lunare.

 

Til liks med resten av vestkysten var Radøy for nokre tusen år sidan heilt skogkledd. Skogar av furu, eik og andre lauvtre prega landskapet. Skogane vart gradvis fjerna ved hogst og brenning etter kvart som bøndene rydda ny jord. Lyngsviing og beitande husdyr hindra spirande tre i å veksa opp. Gjennom lang tid heldt såleis menneske dei langstrekte lyngheiane og graskledde bøane ved like, eit landskapstrekk som framleis merkjer seg ut på Radøy. Med omlegginga av jordbruket på slutten av1800-talet vart det mindre bruk for utmarksbeita. I den delen av utmarka som ikkje vart omgjord til innmark, rekna ein skogplanting som ei økonomisk og rasjonell utnytting.

 

Det var bøndene på Askeland som i 1880- åra sette plantene i bakken til det første store plantefeltet på Radøy. Dei planta furu, og ein del av desse trea står framleis. I hovudsak var det busk- og bergfuru som vart nytta i byrjinga av skogreisinga, ofte på øyar og holmar. På næringsfattig mark og der vinden tok sterkt, klarte busk- og bergfurua seg godt.

 

Det første feltet med vanleg gran på Radøy vart planta på Nordanger omkring år 1900. I dag set dette treslaget farge på landskapet mange stader på Radøy. Det var likevel ei anna gran som etter kvart tok leiinga i omfang og vekst: Sitkagrana med sine spisse, stikkande og blålege nåler vart først planta i Radøy på Grindheim i 1932. Treet, som opphavleg kjem frå nordvestkysten av Nord-Amerika, har høg produksjon og god kvalitet. Utover i 1960-åra vart sitkagrana prioritert av skogreisarane på Radøy. Treet spreier seg i dag sjølv mange stader på øya. Det er òg planta andre treslag på øya, til dømes ask, lerk, kvitgran, bøk og fleire typar edelgran.

 

Det har vore ei menneskehand borti nesten alle bartrea på Radøy. Knapt nokon kommune på Vestlandet har så mykje planteskog i høve til totalarealet. Om lag 10 % av kommunen vart tilplanta i perioden frå 1950 til 1970. Sentralt stod skogmeister Ole Kolås, ei drivande kraft i skogreisingsarbeidet. Gjennom tretti år organiserte han utplanting av over tre millionar skogplanter. Ved tusenårsskiftet dekte planteskogane over 20 km², det utgjer ca. 20 % av arealet i kommunen. Frå nord til sør på Radøy er det fleire stader store samanhengande skogsbelte. Det største og lengste tek til ved Villanger–Risnes i nord og strekkjer seg heilt sørover til Lørvik–Kjeset.

 

Med skogen og skogreisinga fann òg hjorten tilhaldsstad på øya. Hjortestamma slo seg til her for godt kring 1960. Først i 1973 vart det opna opp for hjortejakt i kommunen, og ti dyr måtte lata livet under første jakta. 27 år seinare, i år 2000, vart det felt om lag 200 hjortar.

 

Vi veit òg at eit tett granfelt gir rom for langt færre dyre- og planteartar enn naturskog. Mange meiner at planteskogen er eit framandelement i det gamle vestnorske kulturlandskapet. Godt er det at omsynet til landskap, friluftsliv og kulturminne er vorte ein viktigare del av skogforvaltinga no enn før. Menneskehanda, som reiste skogen på Radøy, må òg skjøtta resultatet av denne gjerninga når skogbruket no har gått over til ein haustingsfase.

  • Gjerde, I.; Sætersdal, M. 1996. Treslagskifte og fugl på Vestlandet. Effekter av granplanting i kystfuruskog på fuglefaunaen, og aktuelle tiltak i skogbruket. Aktuelt fra Skogforsk 9–96:1–15.
  • Hauge, E.; Lilletveit, A. 1999. Hjortekommunen Radøy. Elgen 1999: 32–33.