• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Myking

«HAVET»

Mellom Kvalheimsvatnet og Mykingsvatnet, nord for Grindheim, ligg ei av dei største samanhengande låglandsmyrane i Hordaland. Ho er 500–600 meter brei og heile 2 kilometer lang. Myra blir lokalt kalla «Havet».

Myr finn vi berre der nedbøren er høgare enn fordampinga, gjerne i søkk og flate område med dårleg avrenning. Høg fukt i jorda og kjølig klima gjer at nedbrytinga av daude planterestar går mykje tregare enn tilveksten av nye planter. Gjennom fleire tusenår kan tjukke lag med daude, delvis rotne plantedelar byggja seg opp. Dette torvlaget kan bli fleire meter djupt. Store samanhengande myrområde er viktige tilhaldsstader for mange plante-, insekt- og fugleartar. Oppdyrking, grøfting og skogplanting gjer at myr er ein naturtype på retur, men Radøy har enno att fleire store myrområde.

«Havet» er noko drenert i kantane, og både sjølvfrødd og planta skog kryp innover på myra. Mange stader er det spor etter moldog torvtaking. Inngrepa i denne myra er likevel ganske små. Ettersom ho er uvanleg tuete, er ho tung å ta seg fram i. Det skal godt gjerast å ikkje ramla i dei sugande hola mellom tuene.

Torva på denne myra er næringsfattig, og vegetasjonen er derfor ikkje spesielt artsrik. Typiske fugleartar er enkeltbekkasin og storspove, forutan sporvefuglar som sivsporv og tornsongar. Smålom flyg ofte over fordi han held til i ferskvatna i utkanten av myra. Jordugla har vore observert i dette myrområdet. Jordugla er aldri funnen hekkande i låglandet i Hordaland, men år om anna hekkar ho på Hardangervidda.

«Havet» er eit godt namn. Både storleiken og den bølgjete overflata frå alle tuene dreg tankane mot blåmyra. Tidlegare var «Havet» nytta som ferdselsåre til og frå bygdesenteret Bøvågen – då «gjekk dei gjennom havet».

  • Storelva nær innløpet til Mykingsvatnet
  • Bukkeblad

Radøy har mange langstrekte vatn med nordvestleg retning. Mellom vatna er det små vassdrag, nokre med opparbeidde kanalar, som i Storelva nær innløpet til Mykingsvatnet.

 

 

Bukkeblad er svært vanleg i vatn og tjørner på Radøy. Tidleg i mai blømer planta.

  • Trane

Trane

I åra 1993–1997 var eit tranepar å sjå på Radøy gjennom heile hekkesesongen. Om dei hekka – eller om dei berre såg seg om etter tomt – har det vore uråd å få visse om.

 

Trana er helst ein austleg fugleart; berre nokre få par har hekka på hordalandssida av Hardangervidda.

 

Det er likevel ikkje så uventa at trana skulle vurdera Radøy som hekkelokalitet. Fleire myrområde ligg såpass avsides til at trane og anna vilt, som krev store areal og lite uro, kan greia seg bra. Hadde det funnest meir frosk eller andre amfibium på myrane i Nordhordland, hadde kanskje trana vorte verande.

  • Byrkjeland, S. 1997. Kondensatrør og evt. gassrør Kollsnes/StureMongstad. Viltfaglige vurderinger. Rapport, Nivalis.