• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

To keiper funne i myra på Mangersnes, Radøy

To av keipene som vart funne i myra (Svein Skare)

SMÅBÅTAR I JERNALDEREN

På Mangersnes i Radøy, i ei myr like ved sjøen, er det eit metertjukt lag med trevyrke som har hoggespor: hoggflis, greiner og stokkar. Innimellom dette ligg det både heile og skadde båtdelar og båtutstyr.

Treverket må vera avfall frå bygging og reparasjon av båtar. Ei radiologisk datering av treverket gav ca. 200 e.Kr. To keipar er daterte til perioden 30 f.Kr.-250 e.Kr. og 560-670 e.Kr. Dateringane tyder på at det har vore aktivitet her over lengre tid, og stiller funna blant dei eldste båtfunna på Vestlandet.

Keipar og restar av åredelar fortel oss at det vart laga robåtar her. Spant- og taurestar viser at spanta vart surra til båtborda med lindebast. Spanta har eit trekanta tverrsnitt med spissen mot båtborda. Surringa gjekk gjennom hol i spantet og hol i utsparte klampar i båtborda. Ein rest av ein slik klamp er funnen. Den lette konstruksjonen gjorde båten mjuk og smidig, men samstundes svak. Det må ha vore framifrå lette robåtar. Det er til no ikkje funne restar etter båtborda, og vi veit heller ikkje korleis desse var festa. Ulik storleik på spanta viser at det er bygt båtar av forskjellig storleik, små på 3-4 m og større på 10-15 m. Det er ikkje funne gjenstandar som tyder på kjennskap til segl og rigg. Dette var båtar til dagleg bruk, og dei vart rodde, i motsetnad til dei båtane vi ser på bergbileta.

  • Ekroll, Ø. (1988) Båt i myr - eit eldre jernalders båtfunn frå Nordhordland. I: Arkeologiske skrifter, 1988 (4). Bergen, Historisk Museum, s. 390-401.
  • Kolflåth, B. (1986) Restar frå bronse/jarnalderkultur funne på Radøy. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 72-81.
  • Kolflåth, B. (1987) Mangerkulturen. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 65-85.