• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gardstunet på Øvre Tveiten med stovehuset midt i biletet og den steinbygde løa til høgre.

Gardstunet på Øvre Tveiten med stovehuset midt i biletet og den steinbygde løa til høgre. 

I ei austhelling ovanfor Hallandsvatnet ligg tunet på Øvre Tveiten, to kilometer nord for Manger. Den steinbygde løa ligg med gavlen ut i det skrånande terrenget, og det gamle våningshuset, eit lite langhus, har solide steinmurar på tre sider. Men innanfor murane er både løa og stovehuset trebygningar.

I tunet ligg det også kårhus, jordkjellar, eit yngre våningshus, gardflor, steingard og kvernhus. Løa er bygd i grindverk, med steinmurar langs heile sør- og vestveggen og ein del av nordveggen. I tillegg er kjellaren med den opphavlege floren, og eit tilbygg mot aust, i tørrmur.

Stavkonstruksjonen med sidesvaler og murte yttervegger er eit svært alderdommeleg trekk og det er sjeldan å sjå i dag. Det er også uvanleg å finna ei såpass lang løe som står med gavlen ut mot dalen. Det er vanskeleg å seia noko sikkert om alderen på løa.

Våningshuset er eigentleg eit lite langhus. Bygningen har steinmur på tre av ytterveggene. Den gamle rominndelinga var torvsval, hestestall, stove, gang/kjøkken med grue. Lafteverket i stova er svakt ovaltelgd; det tyder på at stova kan vera frå 1700-talet. I dag er det lem over stova, men lemmen er truleg sett inn noko seinare, slik at stova opphavleg kan ha vore ei røykstove.

  • Skisse Øvre Tveiten, Radøy

Skisse Øvre Tveiten, Radøy