• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Goltasundbrua og Goltasundet

Goltasundbrua og Goltasundet (Svein Nord).

I mannsaldrar var landnota viktigaste reiskapen i fisket etter sild og makrell, og då var ein god kastevåg gull verd. Goltasundet på Golta var ein slik våg. Der seig silda ofte inn, og det kunne gjerast eventyrlege kast.

Når silda eller makrellstimane kom inn Goltasundet, var det berre om å gjera å stengja vågen med nota så snøgt råd var. Alle oppsitjarane samarbeidde om notfisket. For å koma ut med nota før silda for ut att, måtte det haldast vakt. Oppsitjarane byttest om å sitja i rorbuene i Goltasundet og vakta på silda eller makrellen.

Etter at snurpenota kom i bruk tidleg på 1900-talet, overtok ho meir og meir for landnota. Fiskarane var ikkje lenger avhengige av gode kastevågar. Likevel vart det gjort gode landnotkast i Goltasundet like til etter andre verdskrigen. Golten landnotlag vart truleg organisert i slutten av 1800-talet. Alle oppsitjarane, 11 i talet hadde sin part i laget, som åtte båtar, notbruk, nothengje, notbu, naust og losjibu. Trass i at siste kastet her vart gjort tidleg i 1950-åra, er landnotanlegget i Goltasundet framleis eitt av dei mest komplette  i Hordaland.