• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Arkeologiske funn frå tuftene på Risøya, Sund

Arkeologiske funn frå tuftene på Risøya, Sund (Svein Skare)

Lengst sørvest for Sotra ligg den vesle, ubygde øya Risøya. Ved ei lun vik aust på øya er det funne minst 10 gamle, overgrodde hustufter og 7 båtstøer. Ein gong for lenge sidan må det ha butt mykje folk her. Dei låge rullesteinsveggene har vore fundament for trebygningar. I tuftene er det funne fiskesøkke av kleber, onglar, ein harpunspiss, bryne, eldstål, eldflint og ymse anna. Ikkje noko tyder på at kvinner har halde til her. Funna peikar mot fangst og fiske. Mykje talar for at dette er restar av fjæremannsbuer. Likesom tuftane på Hjartøy i Øygarden syner dateringar at slike tradisjonar kan gå heilt attende til vikingtida og hundreåra nærast før.