• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Saltebua i Trælavika

Den store saltebua som framleis står i Trellevik, vart truleg bygd på slutten av 1700-talet, under det rike torskefisket. Det velbygde sjøhuset med det store valmtaket er ei av dei største og mest autentiske sjøbuene langs Vestlandskysten; av same type som bykjøpmennene sette opp i Sandviken på 1600-talet. I ein periode høyrde sjøbua i Trælavika til handelsmannen på Glesvær. Jektenaustet i vika innanfor viser at Trellevik gjennom lang tid har vore eit viktig fiskemottak. Jekter var mindre skuter som vart brukte til å føra ved og fisk med.

Sund kommune har gjort Trellevik til eit lite kystkultursenter. Både jektenaustet og saltebua er restaurerte og i god stand.

  • Jektenaustet i Trælavika, Sund

Jektenaustet i Trælavika, Sund (Svein Nord)