• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Musøyre

Musøyre (Bjørn Moe)

Musøyre har truleg overlevd i fleire tusen år ved kanten av storhavet. Den vesle vierplanta slo rot på Golta på slutten av den siste istida, saman med andre fjellplanter. Dei bukka under då klimaet vart varmare, men musøyre heldt stand. På dei vêrharde knausane som stikk opp av lyngheiane på Golta, er veksttilhøva mykje like det høgfjellet har å by på.

Planta kryp langs bakken og er godt tilpassa barskt klima med kort vekstsesong. Ho er vanlegast i høgfjellet på stader der andre planter har problem på grunn av langvarig snødekke – trivselen er nemleg best der det ikkje er annan tettvaksen vegetasjon. I låglandet blir musøyre lett utkonkurrert av andre planter. Men når det verken finst skog, lyng eller gras som kan ta luven frå den vesle kryparen, kan musøyre finna levekår også her.

  • På toppen av stenglane til romen sit dei oransje fruktene

Hauststemning

Har du vore på vestsida av Sotra ein mild og fin haustdag i oktober? Kvifor ikkje leggja søndagsturen hit? Her er landskapet like ope og fritt som på høgfjellet. Opplevinga av storhavet like utanfor får du med på kjøpet. Trongt om plassen er det garantert ikkje. Om hausten kan det godt vera vakre fargar i lyngheia, men du må gå tett innpå for å oppleva dei.

 

Grastustane har mist grønfargen og er no brune, grå eller gule. På toppen av stenglane til romen (biletet) sit dei oransje fruktene, som er minst like vakre som dei gule blomane. Stenglane står like oppreist i torvjorda seint om hausten som under bløminga om sommaren. Det er fordi frøa ikkje blir sleppte før utpå vinteren.

 

Røsslyngen er det ikkje så mykje farge i, for han er helst avblømd i oktober. Men håpet om å finna blømande lyng kan vera der likevel, for purpurlyngen har ikkje trekt seg tilbake. Denne planta står og står med dei raudfarga blomane, utan tydelege teikn på å vilja førebu seg til vinter og kulde. Noka djup vinterkvile har ikkje purpurlyngen heller. Ikkje rart han trivst svært godt heilt vest på Sotra, der den kalde årstida er etter måten kort.

  • Gamle trestubbar

Gamle trestubbar

Gamle trestubbar i myr er tydelege prov på at det har vakse skog før i tida. Slike trestubbar er ikkje uvanlege i torvjorda på Sotra. Den gongen skogen voks her, var jorda langt tørrare enn i dag. Fordi røtene til trea tek opp mykje vatn, var det lite myr på den tida Sotra var skogkledd. Menneska brende og hogg bort skogen fordi dei trong gode beite for husdyra. Etter hogsten grodde det fram meir eller mindre tørre røsslyngheiar der vatnet rann unna, medan myrar breidde seg utover dei fuktigare flatene. Etter at skogen var borte, vart det mangel på ved til brensel. Derfor byrja kystfolket omfattande torvtaking i myrane. Vi kan rekna med at det har vore henta ut torv frå svært mange myrar på Sotra. Når torva blir spadd ut, aukar erosjonen, og det blir danna parti utan vegetasjon på myra. Eldre lag med jord og humus kjem til overflata, og dei gamle trestubbane kjem til syne.