• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kurvete brot i fjellet, sigdbrot, og avlange renner vitnar om isens skuring då breen gjekk mot vest, over gneisberget på Nalen

Kurvete brot i fjellet, sigdbrot, og avlange renner vitnar om isens skuring då breen gjekk mot vest, over gneisberget på Nalen. (Ståle Raunholm)

EIT HAV AV GNEIS

Gjennom tusenåra har hauststormar og kraftig pålandsvind reinska det snaue berget på Golta. Bølgjene kan slå langt innover land og gjera det farleg å ferdast i strandkanten. Når stormane har lagt seg, kjem ruskevêrets skaparverk til syne.

Gneis er det rikeleg av, både i Sund og mange andre hordalandskommunar. Der havet får vaska og stella med fjellet i lange tider, kan gneisen bli særs fin å sjå til. Vestsida av Sotra og Øygarden er gneisens smykkeskrin. Bergartane i seg sjølve er ikkje så spesielle. Dei er for det meste ein lys, ofte svakt rosa granittisk gneis. Lagdelinga gjer at geologane kallar han gneis, men mineralinnhaldet er omtrent som i ein granitt. Innimellom er det lag med ein mørkare og mjukare amfibolittisk gneis. Nalen, ytst på Golta, står att som ein rosa pynt fordi han er gjord av seigliva granittisk gneis.

Alle desse bergartane tilhøyrer grunnfjellet og er frå jorda si urtid. Gneisane var opphavleg størkningsbergartar som vart til då basiske og sure smelter størkna langt nede i jordskorpa. Seinare, men framleis på store djup, vart desse bergartane godt samanpressa og omforma til gneis. Det var kreftene som vart utløyste under den kaledonske fjellkjededanninga i kambrosilurtida for 400–500 millionar år sidan, som skapte gneisen. Sidan vart fjellkjeda tært ned, så kraftig at dei djupe laga etter kvart kom opp til overflata.

Langt seinare måtte fjellet på Golta nok ein gong freista eit tilvære i mørkret. No var det isen som dekte landet. Isen grov og slipte på berget. For nesten 15 000 år sidan smelta isen her vekk. Endeleg kom Goltafjellet fram i dagen att – reinskura av breen. Sidan har naturkreftene halde fram med å forma fjellet, men ikkje så effektivt som då breen rådde grunnen. Bølgjene sjølve tærer lite,det er helst i vikar og bukter der bølgjene har stein og grus som slipemiddel, at slipinga blir effektiv Men bølgjene held berget reint; så lenge dei får sørgja for «vedlikehaldet», vil det ikkje danna seg groe eller jord. Derfor gir dei blanke svaberga ut mot havet framleis eit godt bilete av korleis fjellet kunne sjå ut,nesten kvar som helst i Hordaland, like etter at isen trekte seg attende.

  • Gneis

Gneis

Nesten kva bergart som helst kan bli ein gneis dersom han blir pressa saman under høg temperatur og høgt trykk. Kjenneteikna på gneis er massive, lyse granittiske linser og lag, gjerne i veksling med mørkare, meir basiske lag rikare på biotitt eller amfibol.

  • Dei grøne søkka på Golta følgjer sprekkesoner i gneisen

Dei grøne søkka på Golta følgjer sprekkesoner i gneisen. Her er det rognetrea som har funne rotfeste i det opne og vêrharde landskapet. (Helge Sunde)

  • Havsule

Ved Golta kjem du langt vest, med utsikt mot storhavet. Dermed har du òg utsikt til hovudleia for trekkfuglane. Havsuler (biletet) og havhestar som trekkjer forbi, er vanlege å sjå frå Golta om hausten. Til skilnad frå Skogsøyna i Øygarden treng du ikkje gå langt i terrenget for å oppleva slike syn. (Hallgeir B. Skjelstad)

  • Reusch, H. Skjærgaarden ved Bergen.1900–1901. Aarbog for Norges geologiske undersøkelse 32,9 s.