• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Glesvær ca. 1900

Glesvær ca. 1900 (Postkort, 1908)

Glesvær er ein av dei eldste handelsstadene på Vestlandskysten. På 1700-og 1800-talet var dette det største og viktigaste fiskeværet på Sotra. Første gongen vi veit handelsstaden Glesvær er omtala, er i 1664. Då var det bergenskjøpmannen Hendrich Wessel som åtte staden og hadde handelsprivilegium. Abraham Wessel, som overtok i 1688, fekk også kongeleg privilegium til «Kiøbmandskab med Bønderne alleene at drive». Det var truleg han som sette opp den hovudbygningen som framleis står.

Eigaren av Glesvær var ein mektig mann. I tillegg til å ha einerett på handel var han største jordeigaren i Sund, og fiskarane i distriktet plikta å levera fangstane sine her. Under sildefisket var Glesvær ein samlingsstad. Opp til 140 fartøy kunne liggja samla her på ein gong. I 1885 gjekk eigaren av Glesvær konkurs, og alle eigedomane utanom sjølve Glesvær vart selde frå. Bakke-familien kjøpte handelsstaden i 1890, og i dag er det fjerde generasjon Bakke som driv staden.

Fiskeriutviklinga og nye ferdslevegar har gjort at Glesvær er ein langt mindre sentral stad no enn tidlegare. Handelsstaden Glesvær er likevel ein av dei få gamle handelsstadene som har overlevd alle endringar, og som framleis er i drift som ein del av det historiske nettverket av handelsstader og overnattingsstader på kysten. Glesvær har i dag dørene opne for den som vil oppleva kystlandskapet og havet. Eigaren leiger ut rorbuer både i ei gammal nothengje ved Glesværvågen og i nye bygg på staden.

Galnemåndagen

  • Glesvær, Sund

Glesvær

På kaien i Glesvær kring 1930 (O. Schumann Olsen, eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (S.O. 1383A)).