• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kvalfangst i Skogsvågen, Sund

Mot kvalboge og bakterieinfiserte piler var vågakvalen sjangselaus når den var innesperra i Kvalvågen. Bilete frå ca. 1890. Krag Jørgensen gevær vart tatt i bruk ca. 1900. Skyttaren er åleina i båten slik at han ikkje vert forstyrra under siktinga. Den andre færingen ligg og andøvar og held skyttaren i posisjon. (Helge Sunde)

KVALFANGST I SKOGSVÅGEN

Kval i våg! Når det ropet gjekk, var det berre å få ut den kraftige kvalnota til å stengja vågen med, og så kunne veidinga ta til. I uminnelege tider har det vore drive kvalveiding i Skogsvågen.

Den 9-10 meter lange vågekvalen gjekk ofte inn her, og sundet var slik at det var lagleg å stengja han inne. Veidemåten, og ikkje minst reglane for korleis kvalen skulle delast, følgjer eldgamle tradisjonar. Like fram til siste hundreårsskifte vart kvalen skoten med pil og boge, ein kraftig armbrøst av tre. Pilene var forgifta med infisert kvalkjøt, og kvalen døydde av blodforgifting. Kring 1900 tok ein til å bruka rifle til å skyta kval med. Etter at kvalen hadde fått det drepande skotet, men før han døydde og sokk, måtte dei få skutelen i han. Skutelen er ein handharpun, som dei måtte få festa i kvalen for å slepa han til lands. No skulle kvalen delast etter detaljerte reglar. Den som ropa «Kval i våg» skulle ha ein part, den som skaut det drepande skotet skulle ha ein part, dei som vakta ved nota sin del, og elles vart kvalkjøtet delt mellom gardane etter særlege reglar.

Siste vågekvalen vart teken i Skogsvågen i 1960. Tusen år med kvalveiding har teke slutt.

  • Kvalvågen, Sund

Kvalvågen (Helge Sunde).

  • Kvalpartering

Etter at kvalen vart dratt på land i Kvalvikja vart den partert etter eldgamle uskrivene reglar. Foto frå ca. 1926 (Mathias A. Sangolt).

  • Kvalboge

Kvalboge frå Skogsvåg. Med boga vart forgifta piler skotne mot kvalen (Egil Korsnes).

  • Kvalveiding på vestlandskysten

Kvalveiding på vestlandskysten

Kvalveiding i eldre tid vart driven av bønder og fiskarar som jaga småkvalen på land eller stengde han inne i smale sund og vågar. Hordaland har fleire kjende kval vågar. Mellom Bildøya og Sotra vart det kring hundreårsskiftet ofte stengt inne flokkar på fleire hundre spekkhoggarar. Med bråk og ståk, slag mot båtripa og plasking i sjøen vart kvalane skremde inn mot land, heilt til dei rende opp i fjøre - steinane. Der stod andre klar til å stikka dei i hel og partera dei. Det var eit blodig skodespel som liknar på fanging av grindekval på Færøyane.

 

Skogsvågen er kanskje den mest kjende av kvalvågane, på grunn av den spesielle fangstmetoden som vart nytta. Det var den minste av bardekvalane, vågekvalen, som vart skremd inn i Skogsvågen. Også i Tælavåg, på ut sida av Sotra var det ein fangstplass for vågekval, men det ser ikkje ut til at det vart nytta forgifta piler her. Stadnamn med kval i går ofte attende på fangstplassar for kval. Fangst av kval frå småbåtar og frå land gjekk sterkt attende kring første verds krigen. Fangsten vart av - løyst av kommersiell kvalfangst frå stader som kvalstasjonen i Blomvåg i Øygarden.

  • Barsnes, A. (1932) Kvalveidingi i Skogsvåg. Norsk aarbok.
  • Bjørkvik, H. (1970) Dei kongelege kapella: framvokster og økonomisk grunnlag. I: Skrifter (Bergens historiske forening). Bergen, Bergens historiske forening, nr. 69/70, s. 45-82.