• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

St. Ludvig

St. Ludvig (frå Arne Asphaug: «Bygdesoge frå Sund 1320-1660» s.24,1987.)

På Tyssøy meinte B.E. Bendixen, som har skrive om Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, enno kring 1900 å kunna påvisa restane etter kyrkja eller kapellet; den heilage Ludvigs Kapell. To store steinblokker hadde lege i skipets vestmur, og denne muren viste i terrenget i ei lengd av 16 meter.

I dag er det få spor att av denne kyrkjetufta. Håkon V. Magnusson (1270-1319) fekk bygt 14 kapell ulike stader i landet. Tyssøy var kongsgard, og eitt av kapella vart bygt her. Som ein litt uvanleg skipnad vart desse kapella lagde beinveges under kongen. Bispane lika denne ordninga dårleg, og bisp Arne Sigurdson i Bergen bad seg friteken frå å vigsla kapellet på Tyssøy. Dermed vart det bisp Erland på Færøyane som fekk vigsla kapellet. Dette vart gjort ein gong mellom 1305 og 1308. I Vestervågen finn vi restane av ein naustmur, og det har kome fram restar av eikelunnar der oppdraget skulle vera. Desse tuftene vert kalla «Kongsnaustet», og etter tradisjonen skal dette vera naustet som høyrde til kongsgarden.

Kapellet på Tyssøy var det einaste i Noreg som var vigd til St. Ludvig. Dette er eit uttrykk for det gode tilhøvet mellom det norske og det franske kongehus på 1200-talet. Ludvig IX var konge i Frankrike på midten av 1200-talet og førte pasjonsrelikviane (kross og tornekrone) til Paris. Son hans, Filip III, gav ein torn av krona til Magnus Lagabøte, som bygde den tredje Apostelkyrkja i Bergen for dette relikviet. Apostelkyrkja skal ha vore inspirert av Sainte-Chapelle i Paris.