• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

J.C. Dahl: "Prospect av Bukken", 1808

Prospect av Bukken 1808. Etter eit ungdomsarbeid av J.C. Dahl. Biletet har følgjande tekst på baksida: «To danske Kapere opbringer et engelsk Fartøi. Signalet, som Manden paa Høien heiser, betyder: Vore Krigsskibe have taget et fiendtligt Fartøi» (eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B.7375h)).

I Christian IVs dagbok frå Noregsreisa i 1599 finn vi referert segna eller anekdoten om opphavet til namnet Bukken. Ein hollandsk fullriggar passerte ein gong fjellhamrane på øya med gjestgjevarstaden så nær at ein bukk som gjekk og beita, hoppa ned på ei rånokk; derav namnet: Buch van Raa!

Bukken ligg i Raunefjorden mellom Lerøy og Bjelkarøy, på ei av dei små øyane i Bukkasundet; midt i hovudleia mot nord. Alt på 1600-talet var Bukken ein av dei sentrale gjestgjevarstadene ved innseglinga til Bergen. Dei første åra av 1700-talet var det biskopen i Bergen, Nils Smed, som åtte staden. Sjølv budde han i byen. Seinare busette dei fleste eigarane seg på gjestgjevarstaden. Mellom desse var Cornelius Pettersen som kjøpte Bukken i 1793, og Jacob von Krogh, som overtok i 1800. På denne tida var det ein viss konkurranse mellom Bukken og Godøysund i Tysnes. Hardingane og folk frå Sunnhordland heldt seg mest til Godøysund, medan reisande frå Midthordlandsbygdene i større grad nytta Bukken. Skulle ein sørover hovudleia gjennom Austevoll og Fitjar, måtte ein gjerne liggja i Bukken og venta på bør, før ein la ut på det harde fjordstykket over Korsfjorden.

I 1811 kjøpte Bertil Olai Wilhelmseen gjestgjevarstaden i Bukken, og denne slekta dreiv staden heilt fram til 1897. Det var i denne tida, i 1849, at gjestgjevarstaden vart utvida til landhandel. Handelen i Bukken tok slutt i 1901, og gjestgjevarstaden vart nedlagd få år seinare. Den nye dampskipsleia gjekk utanom Bukken.

I dag er staden freda og i god stand. Hovudbygningen representerer byggeskikken i byen kring hundreårsskiftet 1800, likeins sjøbua med den opne svalgangen, og «skjenkestuen». «Folkestuen», for rorskarane og bygdefolket, er riven i dag.

  • Bukken, Sund
  • Bukken, Sund

Bukken ligg sentralt i leia inn til Bergen.