• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Deportasjonen frå Tælavåg 30. april 1942

Deportasjonen frå Tælavåg 30. april i 1942 (ukjent, utlånt av Nordsjøfartmuseet.)

Tælavåg har ein særskild plass i okkupasjonssoga. Den vesle bygda ved havet, der folket gjennom hundreåra hadde livnært seg ved fiske og jordbruk i fredeleg sameksistens med naturressursane, vart i 1942 offer for tyske represaliar som er utan sidestykke i norsk krigshistorie. På Nordsjøfartmuseet i Tælavåg, opna i 1998, får ein eit nærbilete av dei dramatiske hendingane.

Telavåg vart tidleg eit viktig utgangspunkt for den illegale trafikken vestover. I april 1942 låg to agentar frå Kompani Linge i dekning i Telavåg. På denne tida hadde Gestapo bygda under oppsyn i samarbeid med norske NS-politifolk. I grålysninga den 26. april omringa Gestapo og trengde seg inn i huset, der dei fann dei to agentane. Det kom til skotveksling, og Hauptsturmführer Johann Behrens og hans nestkommanderande vart drepne.

Dette utløyste represaliar. Reichskommissar Terboven kom til Telavåg i eigen person for å sjå til at bygda vart utsletta. Den 30. april vart alle husa i bygda sprengde framfor augo på bygdefolket. Etter dette vart alle vaksne, arbeidsføre menn, 72 i talet, sende til Bergen og seinare til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland. Trettiein av dei kom aldri heim att. Kvinner, born og gamle vart internerte på Storetveit skule før dei vart sende til Framnes folkehøgskule i Kvam. Her budde dei i to år.

Då bygdefolket kom heim våren 1945, låg Tælavåg i ruinar. Fire år etter var bygda atterreist med hjelp frå Krigsskadetrygda, Nasjonalhjelpa og Husbanken, saman med frivillige gåver. Seinare vart ei skadebot frigjeven frå Tyskland.

  • Josef Terboven i Telavåg 30. april 1942

Josef Terboven i Telavåg 30. april 1942 (foto: ukjent, eigar: Nordsjøfartmuseet).

  • Advarselskilt

Oppslag (frå: Haga, A. (1979) Natt på norskekysten. Oslo, Cappelen.).

  • Dei krigshistoriske samlingane, Nordsjøfartmuseet,Telavåg

Englandsfarten

  • Telavåg i dag

Telavåg i dag (Svein Nord).

  • Birkhaug, K. (1946) Telavåg: fiskeværet som tyskerne slettet ut i 1942. Oslo, Gyldendal.
  • Haga, A. (1993) Aksjon Telavåg. Oslo, Cappelen.
  • Ulstein, R. (1967) Søkelys mot Bergen. Englandsfarten, bind 2. Oslo, Samlaget.