• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Langhuset på Golta, Sund

Langhuset på Golta er delt mellom to bruk (Svein Nord).

I mellomkrigsåra vart det sett i gang ei større registrering av hus og husbunad, byggjemåte, eldstader og tunformer på Vestlandet – ei storstila kartlegging som gjekk under namnet «Kulturgeografisk registrering på Vestlandet». Eitt av dei anlegga som det vart samla inn materiale om i 1938, var eit eldre fleirromshus på Golta; nytt og interessant materiale for granskarane ved Historisk Museum, men velkjend i den lokale byggjeskikken gjennom mange generasjonar.

I langhuset på Golta ligg det ei stove og ei bu med ein midtgang mellom, stilt attåt ei røykstove med kleve og «et reisverks ildhus, aapenbart av temmelig ny dato», som det heiter i Indberetningen fra Den antikvariske bygningsnevnd i 1927.

Røykstova syner spor etter kroting, og etter tømmeret å dømma kan det vera rimeleg å tidfesta denne stova til 1600-talet. Interessant er det her å leggja merke til at det ligg ein smal tømra kleve langs stova. Det kan vera slike klevar det er tale om når det i skriftlege kjelder heiter «een tømret Kleve i Udsvalen». Framfor bua er det ei sval, med eit par trinn opp til gangen mellom bu og stove. Tømmeret i bua og den vestlegaste sperrestova peikar mot ei datering på 1700-talet. Lengda på denne bygningsrekkja er om lag 20 meter.

Dette samanbygde huset har i alle høve i nyare tid vore delt mellom to bruk.

  • Skisse over langhuset på Golta, Sund

Skisse, langhuset på Golta (Nils Georg Brekke).

  • Gamle sjøbuer på Golta, Sund
  • Frå Golta

Gamle sjøbuer på Golta (Svein Nord).

  • Magnus, B. (1974) Fisker eller bonde? Undersøkelser av hustufter på ytterkysten. Viking, 38, s. 68-108.