• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sjøbuene i Breiviksundet

Sjøbuene i Breiviksundet minner om fjæremannshusa, dei smålåtne overnattingsstadene for fjordbøndene som kom ut til kysten for å delta i fisket. Vi finn mange tufter etter slike hus langs kysten, og mange av dei går utan tvil attende til mellomalder og forhistorisk tid. (Svein Nord)

Enno står det fiskebuer som heilt fram til byrjinga av 1900-talet var i bruk under vinterfisket. Eigarane av desse buene var bønder frå Herdla, Toska, Radøy og andre av øyane aust for Hjeltefjorden. I dei store sesongfiskeria kom fjordbøndene frå dei indre bygdene i Nordhordland ut for å delta i vintersildfisket eller vårsildfisket, men dei kom også ut einskildsvis for å fiska med snøre etter torsk og sei.

Det var rike vårtorskeår i førre hundreåret utanfor Øygarden. Tradisjonen fortel om «idnåtfjordingane» som sto opp kl. 3 om natta for å vera på plass før sola rann. Og heile dagen, medan dei venta på å trekkja, måtte dei klara seg utan mat! Mange tok inn hjå slekt og vener, men mange sette seg opp eigne rorbuer, eller «fjæremannshus». Dette var små tømra hus tekte med never og torv. Bua hadde to rom: eit framrom – skot – der dei hadde brensel, kaggar og tønner til å salta heimfisken i, og rom for klede og utstyr. Stova var både opphaldsrom og soverom, med kokeomn, langbord og benker. På båe langveggene var det briskar i tre høgder. Her heldt det til eit båtlag, oftast 6 mann. I 1840-åra stod det over 20 slike fjæremannshus på Herdlevær og Skogsøy, men det har tidlegare stått mange fleire. Namnet på fjæremannshusa kjem av det gamalnorske «fjarđmadr» – fjordmann ­: ein person som har sin heim i ein fjord.

Eit fjellres på Herdlevær ber enno namnet Kartveitfjellet. I livd av dette hadde fiskelag frå Kartveit i Manger sine fjæremannshus. Her var det fin sandfjøre og lett å dra båtane opp når det bles opp til storm. Lenger sør på øya hadde Skjeljanger og Husebø sine hus, og i Skogsøy stod Toskehusa – fjæremannshusa til folk frå Toska og Manger.

Granskingar frå seinare år viser at denne tradisjonen truleg går heilt attende til forhistorisk tid.

  • Færemannshusa på Hjartøy

Teikninga synar tre døme på korleis fjæremannshusa på Hjartøy kan ha vore bygde. (teikning av Sigmund Alsaker 1989)