• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Blomvågen 1851

Blomvågen 1851.Oljemåleri av Hans Leganger Reusch, far til den kjende geologen Hans Reusch.

KVALBEINFUNNET

«Ein av dei store vitskaplege sensasjonar» var overskrifta i Bergens Tidende 22. november 1941. Det var geologen Isak Undås som uttalte seg til avisa. Han meinte å ha funne 120 000 år gamle kvalbein, restar etter liv frå før den siste istida.

Beinfunnet var gjort av arbeidsfolk som grov dreneringsgrøfter for den nye gravplassen ved kyrkja i Blomvågen. Isak Undås konstaterte at beina låg under eit jordlag av leire, sand og stein og Undås tolka dette som ein morene avsett på botn av innlandsisen. På grunnlag av kunnskapen om istidshistoria på den tida meinte geologen at kvalen måtte ha levd før den siste istida. Så gamle var avsetjingane ikkje. Etter at C-14-metoden var oppfunnen, vart beina i 1960- åra daterte til å vera frå 12 200 til 12 600 C-14-år gamle. Dette svarar til om lag 14 200 til 14 600 år før notida. Det vart tolka slik at det var ein kort, isfri periode nær slutten av den siste istida og at breen for 14 000 år sida vaks slik at den dekket Blomvåg og avsette morenen over dei beinførande laga. Men i 2016 kom ein ny vitskapleg artikkel om Blomvågfunnet som visar at det siste ikkje er rett. Mange nye dateringar fortel at dei beinførande laga vart avsett over eit lengre tidsrom, frå 14 800 til 13 200 år før notid. Samstundes viste dateringar frå andre stader at Blomøy vart endeleg isfri ved for 14 800 år sia. Jordlaget av leire, sand og stein er altså ikkje ei morene avsett av breen, men truleg danna av isfjell og sjøis som dreiv mot land.

Likevel er Blomvågfunnet med sin beinrikdom eineståande i Noreg. I perioden frå 14 800 til 13 200 år sia var det eit yrande liv ved Blomvågen, sikkert òg på resten av vestkysten. Dei svære beina av grønlandskval var mest forvitnelege i Blomvågfunnet. Denne store bardekvalen lever i dag i farvatna ved Grønland og Svalbard. Kvalbeina og andre typar bein og skjel viser at klimaet ved Blomvågen i den isfrie perioden var om lag som på Finnmarkskysten i dag. Faunaen var dominert av skjel, fisk og fugl. Geirfuglen var alt komen til landet, ein fugl som ikkje kunne fly, om lag som pingvinane i Antarktis, og difor vart utrydda på midten av 1800-talet. På landjorda var det beitegrunnlag for reinsdyr. Det er naturleg å tenkja seg at menneske følgde i spora til reinen frå Europa, men prov på dette vart ikkje funne i Blomvågen. Dei beinførande laga vart avsette på grunt vatn i sjøen. Ved Blomvåg stod havet for 14 800 år sia om lag 25 meter høgare enn no, medan det sto berre 17 m høgare, omlag som høgda på gravplassen, for 13 200 år sia før det steig til nesten 30 m for 12 000 år sia.

  • Skisse av lagfølgja på gravplassen i Blomvågen

Skisse av lagfølgja på gravplassen i Blomvågen. (Jan Mangerud/Eva Bjørseth)

  • Kvalbein frå Blomvågfunnet

Kvalbein frå Blomvågfunnet. Målestokk 20 centimeter. (Svein Skare)

  • Reinsdyrbein frå Blomvåg

Vel 14000 år gamle reinsdyrbein frå Blomvåg (Svein Skare)

  • Bilete frå 1941 då gravplassen ved Blomvåg kyrkje vart etablert og  kvalbeina vart funne (Knut Fægri).

Bilete frå 1941 då gravplassen ved Blomvåg kyrkje vart etablert og  kvalbeina vart funne (Knut Fægri).

  • Sælstø, Øygarden

Sjøbruksmiljø på Sælstø i Blomvågen (Svein Nord).

  • Undås, I. 1942. Fossilfunnet i Blomvåg. Naturen: 97–107.