• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

faldestrukturar på Toftøyna

Det vesle høgdedraget på biletet stikk opp fordi laga står på høgkant. Den nye vegen skjer på tvers av faldingane si lengderetning. Mørke amfibolitt- og biotittlag sammen med lyse gneislag gjer faldingane synlege. (Svein Nord)

FALDINGAR: NATURENS KRUSEDULLAR

Flotte faldestrukturar i bandgneis er komne til syne i vegskjeringane langs den nye vegen på Toftøyna, like nord for krysset til Vik. Slike strukturar gir eit dramatisk bilete av dei sterke kreftene som ein gong var i sving djupt nede i jordskorpa. Liknande falding finst fleire stader i gneisane vest og nordvest for Bergen, i område der gneislaga no står på høgkant. Faldingane er resultat av rørslene i berggrunnen på slutten av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Då låg desse laga på store djup, der dei vart stilte på høgkant og klemde saman i fine faldingar. Som oftast ligg laga nokså flatt i Øygarden, med eit svakt fall mot aust.

  • Centimetertjukke lag falda saman i gneis

Centimetertjukke lag falda saman i gneis. (Haakon Fossen)

  • Johns, C. J. 1981. The geology of northern Sotra; Precambrian gneisses west of the Bergen Arcs, Norway. Ph.D.avhandl., Bedford College, Univ. of London.