• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kjerringholet under utgraving i 1930.

Kjerringholet under utgraving i 1930.

Kjerringholet er ei lita hole som ligg ni meter over havet på nordsida av Blomvågen, på garden Blom i Øygarden kommune. Funn kan tyda på at hola var i bruk alt i steinalderen. Klare spor etter opphald av menneske har vi frå jernalderen, mellomalderen og nyare tid.

Einskilde gjenstandar av flint og kvarts kan vera frå steinalderen. Sikre funn frå eldre jernalder er skar av leirkar forma som spann. I tillegg fann arkeologane bitar av grov keramikk som kan vera frå denne perioden. Frå yngre jernalder og mellomalderen er det funne ei bakstehelle og fragment av eit kleberkar. I tillegg låg det eit bryne, handsama beinstykke og diverse stykke av jern – blant anna ein jernkrok – i kulturlaga. Desse kan likevel berre generelt daterast til yngre jernalder eller mellomalderen. Frå nyare tid er det funne ein dansk sølvskilling frå byrjinga av 1800-talet. Like framfor helleren var det ein banke med skjel og andre blautdyr, m.a. østers, blåskjel, olbogesnigel og strandsniglar.

Funnmaterialet frå Kjerringholet tyder på at helleren berre vart brukt i korte periodar i gongen, sjølv om opphalda var lange nok til at dei både åt der og reparerte reiskapar. Dei som brukte helleren, nytta heilt sikkert dei gode plassane for fangst og fiske på yttersida av Øygarden.

  • Detaljbilete frå utgravinga i hola.

Detaljbilete frå utgravinga i hola.

  • Eit fragment av ei bakstehelle funne under utgravingane av Kjerringholet. (Universitetsmuseet i Bergen)

Eit fragment av ei bakstehelle funne under utgravingane av Kjerringholet.

Bergsvik, K. A., 2018. The perception and use of caves and rockshelters in late Iron Age
and medieval Western Norway c. 550-1550 AD. In: Bergsvik, K. A. and Dowd, M. eds. Cave Rituals in Medieval Europe 400-1200 AD. Oxford: Oxbow books, 32-62.

Østebø, K., 2008. Hellerbruk i vestnorsk eldre jernalder belyst ved lokalisering. Upublisert MA avhandling, Universitetet i Bergen.