På garden Hjelmo, lengst nord i Øygarden, i botnen av ein lang våg, ligg eit fint naustmiljø ved kyrkja. Dette har truleg gjennom uminnelege tider vore naustplassen for desse gardsbruka, og her var landingsplassen for kyrkjefolket.
Indre Hjelmevågen har gjennom hundreåra vore hamn for gardane på Hjelmo. God hamn og djup jord var hovudgrunnane til at kyrkja vart bygd her. Etter at Herdla vart skilt ut som eige prestegjeld i 1868, vart Hjelmo framleis høyrande til Manger prestegjeld – tvers over Hjeltefjorden – under Bø sokn. Ytre Bø kapell, som Hjelme kyrkje opphavleg heitte, vart vigsla i 1875. I 1902 vart Hjelme eige kyrkjesokn, som i 1916 vart overført frå Manger til Herdla prestegjeld.
Alle gardane på Hjelmo gjekk saman om å kosta kyrkja, og betalinga vart utrekna etter storleiken på gardane. Ei tid var brukarane pålagde å koma med ei båtlast jord til gravplassen. Presteskyssen gjekk på omgang. Dei fire rorskarane som trongst hadde ein lang og hard tur over Hjeltefjorden, til Manger, for å henta presten.
Den gode hamna har ikkje same funksjon i dag som for 100 år sidan, då sjøen var hovudvegen. I dag er dette fine sjøbrukmiljøet verna og sett i sin gamle stand som eit innhaldsrikt kulturlandskap langs Nordsjøløypa gjennom Øygarden.
Alsaker, S. (1989) Fra sild til olje: et fiskevær fra jernalderen. Arkeo, 1989(1), s. 4-11.
Bli med tilbake til middelalderen!
Via PC eller mobil kan du oppleve Bergen slik byen kan ha sett ut ca. 1320. Du kan studere de vakre bygningene som nå er gjenskapt digitalt. Noen steder kan du ta turen inn og bevege deg fra rom til rom. Til hver lokalitet er det presentert utfyllende informasjon.
Bergen Anno 1320 er et prosjekt i regi av Middelalderklyngen, og er et samarbeid mellom Bergen kommune ved Byantikvaren i Bergen, Arkikon og Universitetet i Bergen. Prosjektet er støttet av Riksantikvaren.
De digitale visualiseringene er basert på tverrfaglig forskning, og en rekke forskere fra ulike institusjoner har bidratt med sin kunnskap om middelalderens Bergen. Vi ønsker å rekke en stor takk til både uavhengige fagpersoner og til forskere fra Universitetet i Bergen, NIKU, Riksantikvaren, Bymuseet i Bergen og Vestland fylkeskommune.
Les mer om prosjektet «Bergen Anno 1320» her.