• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kverna i Kvernapollen

Kverna i Kvernapollen (Rekonstruksjonsteikning av Marvin Halleraker 1992.)

Då anleggsfolka kom til Kollsnes for å ta fatt på arbeidet med den store ilandføringsterminalen for gass frå Trollfeltet i Nordsjøen, fann dei ruinane etter ei gammal gardskvern i Kvernapollen.

Trollprosjektet tok initiativet til å byggja opp att kverna, og sikra oss såleis eit kulturminne som illustrerer kontrasten mellom energiutvinninga i vår tid i stor skala, og den finstilte utnyttinga av små ressursar i det gamle gardshushaldet.

Kverna i Kvernapollen høyrer til Oni og var felleseige for brukarane på garden. Alderen på kvernhuset kan vi ikkje fastslå nøyaktig, men det er grunn til å tru at anlegget vart bygt i siste helvta av 1800-talet. Skriftlege kjelder fortel at det var kvern på Oni i 1723. Truleg har det vore kvern på garden endå lenger attende i tida. I tillegg til å mala sitt eige korn, hovudsakleg havre, dreiv Oni òg leigemaling for gardane nordover i Øygarden.

Frå skriftlege kjelder veit vi at vasskverna vart nytta i Noreg på 1200-talet, men truleg kom denne kverntypen i bruk alt i vikingtida. Vasskverna var eit stort teknologisk framsteg og er det første dømet på utnytting av mekanisk kraft i større målestokk. Denne kverna fekk stor utbreiing i Noreg. Då korntrygda vart innført i 1926, slutta bøndene på Oni etter kvart å nytta kverna si. I staden drog dei til mølla på Litlebergen i Meland og fekk bytt kornet i mjøl. I 1950-åra vart anlegget rive; berre murane stod att. Kverna og slòket (vassrenna) vart rekonstruerte i 1992.