• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Svaner

SVANESJØEN

Ingen stad i Hordaland er det så mange overvintrande songsvaner som i Tjeldstømarka. Og det er få stader i fylket som har hatt denne fuglen som gjest like lenge.

Det er vinterstid svanene set preg på området. På det meste er det talt oppunder 80 songsvaner her. På sjøen beitar songsvanene gjerne på ålegras, men det er noko usikkert kva planter svanene i ferskvatna i Tjeldstømarka et. Tidleg på 1980-talet bygde eit par reir, men reiret vart forlate før det var lagt egg. Ferskvatna så langt ute på kysten frys sjeldan til. Når det skjer, må svanene flytta på seg. Då dreg dei gjerne på sjøen, med pollane sør på Skogsøyna som eit mykje nytta tilfluktsområde. Nokre av fuglane dreg stundom òg til Skulehusvatnet i Fjell. Store,tunge fuglar som dette er sårbare når dei flyttar på seg. Kvar vinter kolliderer fleire svaner med kraftlinjer i Hordaland – også i Øygarden.

Om våren rastar gjerne flokkar med grågås i Tjeldstømarka, og dei seinare åra har hekkebestanden auka mykje. Om lag ti gåsepar hekka i området i 2004. Fleire andeslag har fast tilhald, og det finst vadefuglar som vipe, tjeld, raudstilk og enkeltbekkasin. Lettast å leggja merke til er likevel storspoven med sitt fløytande fluktspel. Storspoven er ein av våre største vadarar, lett attkjennande med sitt lange nedbøygde nebb og lange bein. Seks–sju par hekkar i Tjeldstømarka. For ein del år sidan hadde brushanar spelplass ute på myra under vårtrekket, men dette har dessverre teke slutt. Ut mot Hjeltefjorden i aust hekkar år om anna enno eit par tjuvjo, faktisk som den einaste staden i fylket i våre dagar.

I myra er det mange gamle trerøter som vitnar om at området ein gong var dekt med skog. Tjeldstømarka er eit kombinert natur- og kulturvernområde, og det vart verna som naturreservat i 1995. Det er merkte stigar i området, og ei lita bu for fugleobservasjonar er sett opp like på austsida av riksvegen.

  • Tjeldstø
  • Torvhus i Tjeldstømarka

Torvhus i Tjeldstømarka

Garden Tjeldstø på Alvøy er nemnd første gong i 1519 men er nok langt eldre. Garden ligg mot Hjeltefjorden og har ei god hamn. I 1664 var det fire gardsbruk på Tjeldstø; to i Garden og to i Høyen, med innmarka liggjande frå bøgarden til sjøen. 200 år seinare var talet på gardsbruk auka til 14. Då såg innmarka ut someit lappeteppe av åkrar og slåtteteigar.

 

Torvmyrane var ein viktig ressurs for alle bruka her ute på dei treberre øyane. Det var brenntorva som heldt varme i stova, og heilt fram til 1950-åra vart det teke torv i Tjeldstømarka. Då var dei fleste torvmyrane tømde, og då kom elektrisiteten som ny energikjelde.

 

Heilt fram til utmarksjordskiftet i 1900 tok alle gardane på Alvøy torv der dei ville, i felles utmark. Tjeldstø hadde Storemyri rett utfor bøgarden. 100 år seinare var dette jordlaget spadd opp, og i 1920-åra byrja det å verta eit problem for mange bruk kvar dei skulle få brensel frå. Kvart bruk hadde sine teigar i torvmyra, og kring myra ligg ei gruppe av steinhus som torva vart lagra i før ho vart teken heim i tunet. I dag er våtmyra i området freda, og dei gamle torvhusa – vitnemåla om den gamle energiforsyninga – er tekne vel vare på.

  • Frantzen, E. 1999. Observasjonar i Tjeldstømarka og nærområda. Rapport,Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland.
  • Fylkesmannen i Hordaland 1999. Tjeldstømarka naturreservat. – Ein serie informasjonsplakatar oppsette i naturreservatet.