• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Herdlevær

Herdlevær (Svein Nord).

EIT FISKARSAMFUNN MOT NORDSJØEN

Herdlevær ligg på ei av dei små øyane vest for Hjeltefjorden, ut mot Nordsjøen og storhavet. I dag køyrer du til tuns med bil. Dei mange øyane er bundne saman av smekre bruspenn i betong. For femti år sidan var det ei halv dagsreis å koma seg frå fastlandet med eigen robåt eller skyss til Herdlevær.

Herdlevær høyrde i mellomalderen til kongsgarden på Herdla. I dei lune vikane kring Straumøy og Skogsøy, med gode hamner og kort veg til dei rike fiskeplassane, ligg det mange hustufter og båtopplag som vitnar om stor aktivitet i tidlegare tider. Granskingar syner at folk har kome hit i hopetal for å fiska. Herdlevær har vore eit utvær – ein sesongbustad – med tradisjonar heilt attende til tidleg vikingtid. I mellomalderen har dei rike fiskeressursane her vore ein viktig del av kongen sin økonomi. Det er ikkje usannsynleg at kongen, gjennom sine lokalkjende stormenn, organiserte det store fisket som gjekk føre seg her, både til hushaldet på kongsgarden og for sal vidare til andre.

Det har frå gammalt av vore tre tun på Herdlevær: Oppigarden, Midttunet og Nordgarden; elleve bruk i alt. Dei elleve gardsbruka har vore i lag om fem notbruk, og nokre av desse er framleis i hevd. Sjøhusa og nausta på Herdlevær ligg samla langs sundet mellom Herdlevær og Skogsøy. På dei ytste, skogberre øyane mot Nordsjøen har fisket til alle tider vore ein viktig del av næringsgrunnlaget. Kor gammal den faste busetnaden er på Herdlevær, er vanskeleg å fastslå sikkert.

Eit forvitneleg nærbilete av samarbeid og hopehav får vi når vi ser på korleis dei organiserte arbeidet i kvart landnotlag eller fiskebruk. Kvar noteigar i grannelaget hadde sine eigne bolkar i nøtene, i samsvar med den skyld bruket hadde. I det gamle hopehavet hadde kvar eigar plikt på seg til å halda sine bolkar i orden: bøta, barka og setja inn nytt der det trongst – under granneoppsyn.

  • Garatun-Tjeldstø, G. (1981) Arbeidsliv og levemåte på Herdlevær. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 156-187.