• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Handelsstaden  på Hernar tidleg på 1900-talet

Handelsstaden på Hernar tidleg på 1900-talet (foto: O. Schumann Olsen, eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (S.O. 960)).

Hernar er ei lita øygruppe nokre sjømil nordvest av Seløy; ei gamal uthamn ved leia mot vest. Her låg skip og venta på bør før dei la ut på ferd vestover, og her kom skipa frå vesterhavsøyane inn. Hjeltefjorden er eit vitnemål om dette. Fjorden har fått namn etter hjaltlendingane, folk frå Hjaltland (Shetland).

Men Hernar er samstundes ein del av det store kommunikasjonsnettet langs den norske vestkysten; ein av dei privilegerte handels- og gjestgjevarstadene frå 1600-talet. I kjeldeskrifter frå 1600- og 1700-talet vert Hernar kalla Henøen. I daglegtale seier folk enno Hedna og «hednamann». I den eldre dialekten fall H’en bort, slik at uttalen vart Edna. Skriveforma Hernar, som er i samsvar med den gammalnorske forma, vart teken opp att i mellomkrigstida. Namnet tyder «ei hovudliknande høgd».

Retten til å driva handel på Hernar på 1700-talet var knytt til den som hadde handels- og gjestgjevarstaden i Bøvågen på Radøy. I over 100 år skifte eigarane av Bøvågen om handelsløyvet på Hernar.

I dag er det 10 bruk på Hernar, men berre nokre få fastbuande. Hernar er eit viktig punkt på kartet over dei gamle ferdselsårene som inngår i nettverket i Nordsjøløypa.

Fiskeværet på Hernar

Stormannsætter i vikingtida

  • Hernar i dag

Hernar

I ein tekst i den islandske Land - Nåmabok gjev forfattaren råd om kva kurs ein skal ta når ein skal segla vestover til Grønland:

 

«Frå Hernar Norge skal ein segle rett vestover mot Hvarf på Grønland, så vil ein segle nordafor Hjaltland (Shetland) slik at ein akkurat kan skimta det i mykje klårt vær; men sør om Færøyane, så at sjøen er synleg halvvegs opp fjell - sida, og på sørsida av Island, så at ein vil sjå fugl og kval.»

 

Forklaringa syner at skribenten var godt kjend med seglleia og at han truleg hadde kjennskap til at Hernar og Hvarf ligg på nokolunde same breiddegrad (61°N).