• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Spelemannen Knut Hamre

Spelemannen Knut Hamre frå Granvin er ein tradisjonsberar av i dag (Jan M. Lillebø).

Det er høgsommar. Ei vossakjerre nærmar seg Stalheim turisthotell. På benken i kjerra sit to karar, ulike av utsjånad og vekst. Det er komponisten Edvard Grieg og spelemannen Sjur Helgeland. Sjur sit med fela i fanget, han har spela lange stunder på vegen oppover frå Vangen. I tunet på Stalheim står direktøren og tek imot den verdskjende gjesten. Han bed Edvard Grieg koma i salongen om kvelden, «for å lytte til vårt udmerkede nye orkester» som han sa. Grieg avslo høfleg tilbodet: – «Jeg har Sjur med meg i aften – ». Denne vesle soga lever framleis i tradisjonen i Vossebygdene. Det er nok ikkje tilfeldig. Det er i Hordaland vi finn dei eldste merke etter ein folkemusikk knytt til nasjonalinstrumentet vårt, hardingfela. Og framleis er det denne musikktradisjonen som særmerkjer folkemusikken her.

Den eldste kjende hardingfela er datert til 1651. Felemakaren er Ole Jonsson Jåstad (f. 1621) i Ullensvang. Dette instrumentet er i dag på Universitetsmuseet i Bergen, og jamvel om det er gammalt, tyder alt på at dette ikkje er nokon prototype. Dei fleste tankar om bakgrunnen for instrumentet tek utgangspunkt i at det er den vanlege fela som er førebiletet. Det er likevel òg dei som hevdar at det er så mange særmerke ved hardingfela at det snarare kan vera tale om ei utvikling frå eit eldre nordisk strengeinstrument.

Dei mest kjende felemakarane etter Ole Jåstad kom òg frå Hardanger. Isak N. Botnen (1663-1759) og enno meir sonen Trond I. Botnen (1713-1772) stod for ein stor produksjon av hardingfeler. Dei beste salsstadene var dei store marknadene på Kongsberg og i Lærdal. Såleis vart instrumentet spreidd til nye bygdelag.

Med Johannes Bårdsson Tveit i Samnanger (1786-1847) fekk instrumentet ei ny utvikling. Han vart den fremste i Hordaland fram til hegemoniet i kunsten vart flytta til Telemark i første halvdel av 1800-talet. Men heile tida finn vi dugande handverkarar som laga feler til dei mange som prøva seg som spelemenn. I vår tid har på nytt dei mest søkte felebyggjarane vore å finna i Hardanger. Anders Åsen (1909-1987) og Håvard Kvanndal (f.1910) har båe laga instrument i toppklasse.

Spelemennene

«Sagnet nevner intet årstall, men det vil vite at Lisbet-Pers ætt nå er nådd det niende ledd.»

Slik opnar Per Sivle novella «En spillemann» om spelemannen Per Gudvangen som etter sagnet lærte å spela av huldrefolket. Det var han ikkje åleine om.

Dei fleste av dei eldste spelemennene gjekk spelemannskulen i haug og berg.

I dag veit vi litt meir om desse eldste spelemennene. Dei står fram i første halvdel av 1700-talet, slik som Per Gudvangen eller «Lisbet-Per» f. (1723) i Myrkdalen, Torkjell Brattespe (f. 1722) i Hardanger og Anved Storegraven (1729-1810) frå Granvin. Namn og minne om dei har levd gjennom slåttane frå meister til læregut.

Blømingstida

Går vi til slutten av 1700-talet, anar vi opptakten til ein blømingsbolk i spelet. I mange bygder står det fram meisterspelemenn, og vi ser at slåttane byter eigar både over fjord og fjell. I Myrkdalen sat Anders Haga (1771-1847). Kring han samla dei seg dei nye meistrane som Nils Rekve, Per Bulko (1798-1885) og Lars Lofthus. Samtidig med Anders Haga finn vi i Granvin Eirik Medås (1769-1854), også han med mange seinare namnkjende læregutar kring seg. Dette var musikkskulen i den tida, der meisterspelemannen var professor.

Det er i dei indre bygdene at vi finn dei eldste fara i denne tradisjonen. Linene attover her er ubrotne, slåttane og sogene lever i dag òg. Men også andre deler av fylket hadde sine sterke tradisjonsområde, slik som mange bygder i Nordhordland, Fana, og i det gamle Os. Mellom dei eldste vi kjenner i Haus, er Ola Brakvatn (1798-1885), Magne Kleiveland (1805-1892) og Ola Tunes (1806-1896). Hans Bjørndal (1826-1910) i Hålandsdalen var ein av dei Myllarguten var saman med, og i Strandvik sat gode spelemenn som Anders Berge og Nils Gilahaugen.

Impulsar kom på mange måtar, særleg gjennom dei store marknadene. At bygdene i Hardanger hadde samkvem med Telemark er naturleg, likeins at vossingane hadde mykje kontakt med Valdres. Ei tid veit vi at det var stort slåttebyte mellom Vossestrand og storspelemenn frå Valdres.

Spelemenn i Nordhordland søkte gjerne til Voss etter slåttekunna, og den mest søkte læremeistaren der i siste halvdel av 1800-talet var Ola Mosafinn (1828-1912). Som spelemann høyrde Mosafinn heime i tradisjonen i hjarta av Vossebygda med fleire av dei eldre meistrane i næraste grannelaget. Han kom med tida til å overgå mange av dei, og i hardingfeletradisjonen er det vel berre Myllarguten som har sett like varande merke etter seg.

Byen og bygdetradisjonane

Dei som aktivt står i tradisjonen, er oftast med i organisasjonane som arbeider for å ta vare på spelet, songen og dansen. Det er sju spelemannslag i fylket som er organiserte i Hordaland folkemusikklag.

Dei mange bygdeungdomslaga og norskdomslaga som vart skipa i Bergen for kring 100 år sidan, har gjort mykje for å verna om og å halda oppe eldre kulturovringar. For folkemusikken vart dei første landskappleikane som Vestmannalaget skipa til frå 1896, heilt avgjerande i ei tid då både bruken og kunnskapen om det eldste spelet var i ferd med å bli borte. At menn som Ole Bull og Edvard Grieg støtta arbeidet, verka nok både innover i spelemannsmiljøet og i vanlege folk sitt syn på denne delen av kulturen.

Og med den første tevlinga i Urdi i 1896 var grunnen lagd for ei stemneform som snart har vara ved i hundre år. Det var også i Bergen by at Landslaget for Spelemenn vart skipa i 1923.

Tradisjonsberaren

Sjeldan møter ein tradisjonsberarar med så godt ryggstø i kunsten sin som Sjur Helgeland (1858-1924) frå Myrkdalen i Voss. I heimbygda hans finn vi fár etter spelemenn så langt attende vi kjenner soga om folkemusikken vår.

Gjennom faren, Lars Helgeland (1823-1907) fekk den unge Sjur innføring i spelkunsten og det vart tidleg lagt merke til dei særlege evnene guten åtte.

Det gjekk heller ikkje lenge før han rådde over det mest brukte spelet i bygda. Sjur Helgeland var på høgda som kunstnar då Vestmannalaget skipa til dei første kappleikane. Her la han grunnlaget for eit omdømme som knapt nokon spelemann hadde i samtida. Han vann fleire av desse årvisse tevlingane, og han deltok med eigne komposisjonar. Den mest kjende i ettertid er nok tonediktet «Dei tre budeiene på Vikafjell».

Sjur Helgeland var ein god ven med Edvard Grieg, og utan tvil fekk Grieg gjennom denne spelemannen mange impulsar i si tonedikting.

Fornyaren

For mange vart Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990) sjølve symbolet på norsk folkemusikk. Han var fødd i Ulvik ein tidleg maidag i 1910. Faren Lars Osa var kunstmålar og spela fele; mora Hermine Bernhoft kom frå ei kjend embetsmannsætt og var ei lovande forfatterinne.

Sigbjørn B. Osa lærte spel i eit rikt miljø i heile oppveksten, både i Setesdal og på Voss. 19 år gammal tok han til med studiane av klassisk fiolinspel hjå Bjarne Brustad i Oslo, så ved Harmoniens orkesterskule i Bergen og frå 1930-32 ved Sternsches musikkonservatorium i Berlin, der han avslutta studiane i meisterklassen.

Frå først i 1950-åra gjekk han fullt inn for arbeidet med og for folkemusikken. Ein heilt særleg gjevnad i musikken og verbal formidling gjorde han til ein uvanleg omtykt kunstnar. I 1976 gjorde han opptaket til Ole Bull Akademiet på Voss.

Edvard Grieg og Sjur Helgeland

Edvard Grieg og Sjur Helgeland på veg mot Stalheim Turisthotell (Ivar Kvåle, 1993).

Vestmannalaget sin første kappleik i Bergen i mai 1896

Vestmannalaget sin første kappleik i Bergen i mai 1896. Sjur Helgeland til venstre (ukjend, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen(Bs q 103/1)).

Meisterspelemannen Haldor Meland

Meisterspelemannen Haldor Meland (1884-1972) stod fram som formskapar og fornyar av spelet i Hardanger i dette hundreåret (måleri: Haldor Jordal, 1948. Eigar: Hardanger Folkemuseum, foto: Egil Korsnes).

Fele etter Ole Jonsson Jåstad

Fele etter Ole Jonsson Jåstad. Fela er datert til 1651, og er den eldste hardingfela vi kjenner (Ann-Mari Olsen, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd 4670)).

  • Bjørndal, A. & Alver, B. (1966) -og fela ho lét: norsk spelemannstradisjon. Bergen, Universitetsforlaget.
  • Brattebø, L. & Kvestad, J. red. (1973) Hardanger spelemannslag 25 år 1948-1973.
  • Lærum, O. D. (1991) Spelemannen Sjur Helgeland. Oslo, Samlaget
  • Mæland, J. (1991) Ervesylvet: folkemusikksoga for Vossabygdene. Voss, [Voss spelemannslag].
  • Osa, S. B. (1979) Spelemannsliv. Oslo, Ansgar.