• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Et Bryllop i Kingservigs Præstegield»

Nils Hertzbergs akvarell «Et Bryllop i Kingservigs Præstegield», frå kring 1820 (eigar: Universitetsmuseet i Bergen (X 13478), foto: Ann-Mari Olsen). (utsnitt)

1849 er eit gjennombrotsår for nasjonalromantikken i Noreg. Då hentar Ole Bull den vidgjetne spelemannen «Myllarguten» frå Telemark inn til konsertscenen i hovudstaden. Eit stort publikum blir for første gong presentert for hardingfelemusikken, ein av dei rotnorske folkelege kulturtradisjonane. I åra etter 1850 skyt norskdomsrørsla fart. Då opplever bygde-Noreg eit vaknande kulturelt sjølvstende, tufta på nedervde tradisjonar. I samværet mellom Ole Bull og Myllarguten er det to kulturar som møtest. Men alt ein generasjon tidlegare, i byrjinga av 1800-talet, er bygdekulturen blitt trekt fram i lyset, gjennom prosten i Ullensvang, Nils Hertzberg sin serie i Budstikken om bygdeliv og bygdeskikkar. I akvarellen «Et Bryllop i Kingservigs Præstegield» er vi inne på den historiske scenen der folkemusikken og dei folkelege kulturtradisjonane har utfalda seg.

Dei to kulturane

Den berømte «grautstriden» i 1860-åra mellom eventyrspesialisten Peter Christen Asbjørnsen og folkelivsgranskaren Eilert Sundt viser konflikten mellom ulike kulturelle haldningar.

Det kom klart fram i spørsmålet om dei norske bondekonene kunne koka graut eller ikkje. Utfrå det borgarlege kultursynet var det «edelstener» Asbjørnsen henta fram, redda dei «ud fra det brændende hus», fordi folk under industrialiseringa av Noreg etter hans syn kasta bort alt det gamle. På den andre sida stod folkelivsgranskaren Eilert Sundt, som skreiv om levevilkåra til folk på 1800-talet. Båe hadde reist mykje blant allmugen og hadde levd mellom dei. Men likevel hadde dei vidt skilde syn på menneska dei skreiv om. Asbjørnsen hadde naturvitskapleg utdanning i tillegg til at han var interessert i innsamling av eventyr og segner. På ei reise i Tyskland hadde han vorte kjend med dei nyaste teoriane om ernæring og helse. Etter den tids forskning vart det reist sterk kritikk mot den tradisjonelle måten å koka graut på. Denne gjekk ut på at vatnet først blei kokt opp, deretter vart ein del mjøl tilsett og kokt vidare. Til slutt tok så bondekonene grauten bort frå elden for å få i noko rått mjøl. Dette gjorde grauten ekstra mettande. Det var denne siste arbeidsoperasjonen som forskarane kritiserte. Asbjørnsen hevda at millionar av kroner gjekk tapt kvart år på grunn av den dårlege tradisjonen til bondekonene. Her tok Eilert Sundt til motmæle. Han hevda at matlagingstradisjonane bygde på erfaringskunnskap som kvinnene hadde gjort seg gjennom 1000 år. Dei hadde sett kva mat som var nærande og ikkje. Forskning som ikkje tok med denne erfaringa, bygde på feil grunnlag. I tillegg var denne diskusjonen ei stygg nedvurdering av kvinnene i Noreg. Sundt tok sterk avstand frå dette, og nyare ernæringsforsking har vist at bondekonene hadde rett.

Borgarleg høgkultur og folkeleg lågkultur

Då borgarskapet i Europa voks fram som klasse, oppdaga dei at det fanst kulturar i eigne samfunn som ikkje kunne forklarast ut frå tanken om at dei var dårlege etterlikningar etter den borgarlege livsforma. Nei, dei nedre sjikta i samfunnet bar ein annleis kultur, samanlikna med deira eigen. Som forklaring på dette fekk vi ideen om ein «høgkultur» som representerte den borgarlege, og ein «lågkultur» som representerte kulturen til folket, allmugen. Kjennemerket for «lågkulturen» er at det ikkje finst noko skriftspråk, kulturformidlinga deira er i første rekkje knytt til munnleg overlevering. Etter teorien er individuell skaping ikkje mogleg, men skaping skjer kollektivt, gjerne ved at dei apar etter kulturuttrykk som stammar frå dei øvre sjikta.

Den borgarlege kulturen stod for utvikling; for det progressive. Dette stod i motsetnad til det tradisjonelle, å overta kulturtrekk frå tidlegare generasjonar uten å stilla spørsmål ved dei. Viktige kjennemerke ved denne diskusjonen er tankane om ein avansert, urban elite, med europeisk, internasjonal kultur, stilt opp mot den heimlege, regionale, isolerte og primitive folkelege kulturen.

Etter denne tankegangen var folkelege kulturuttrykk interessante i den grad dei hadde teke vare på og var berar av den rotekte, kollektive og «råe» norske kulturen og dermed kunne vera leverandørar og inspiratorar for kunstnarar innan dei klassiske genrane. Men først måtte kulturuttrykka omformast og omtolkast i ei borgarleg, klassisk kunstramme. Her kan vi tenkja på bondeforteljingane til Bjørnstjerne Bjørnson, som står nærare europeiske danningsideal og skrifttradisjonar enn dei reelt avspeglar livet til bøndene i det norske samfunnet. Bjørnson hadde ikkje berre eit positivt syn på kvardagslivet til bønder og fiskarar, eller allmugen. Han følte ansvar for å «reinsa» det han henta frå «folket», før han presenterte det for eit danna publikum. Ja, det er til og med det kulturelle fundamentet han argumenterer ut frå i forfattarskapen sin.

Også andre kunstnarar nytta folkekulturen som råmateriale for si kunstnarlege skaping. Vi kan nemna Ole Bull, Edvard Grieg og ikkje minst, folkeminnesamlarane P. Chr. Asbjørnsen og Jørgen Moe.

Det kan kanskje tykkjast unødvendig å leggja så stor vekt på å skildra denne ideologien. Men etter mitt syn ligg mykje frå dette teoretiske fundamentet til grunn for såvel handling som politikk den dag i dag, endå om ingen vil tora å kalla folk for «lodne huleboere», slik Bjørnson karakteriserte bøndene og målfolket, i eit brev til Garborg.

Det demokratiske kultursynet

I sterk motsetnad til dette kultursynet stod det demokratiske. Henrik Wergeland, Arne Garborg, Aasmund Olavson Vinje – og folkelivsgranskaren Eilert Sundt hevda alle det synet at evna til å ta del i utvikling ikkje var knytt til ein bestemt livsstil, men hang saman med evna til å tenkja og reflektera. Difor var det viktig med folkeopplysning om folk skulle ta del i utvikling og styring av samfunnet. Men:

«Vi vil ikke en Oplysning, der møder ham (bonden) som noget «nyt», noget over ham selv og hans Liv. Lignende ikke en Oplysning, der spalter hans Bevidsthed sønder i en tvedelt Viden. Vi vil en Oplysning, som han uten særlig Stræv kan assimilere og have Gavn og Glæde af, en Oplysning som slutter naturligt ind i hans egen Tenkegang og blot giver den nye Impulser og videre Baner, og en Oplysning der ikke binder ham i underdandig Ærbødighed til Selvtænkning og Selviagttagelse, fordi det som Bogen byder ham, ikke synes som noget Fremmedt og Fjernt, men netop adresserer seg til ham i hans eget Hverdagsliv. Han skal læres at omgåes Oplysningstanken frit og selvstendig som sin egen Eiendom, til at eie og nyde og drage Aandsnæring af.»

Etter dette kultursynet er ikkje lærdom, eller evna til refleksjon knytt til ein klasse eller ei gruppe, det er derimot ei evne mennesket har som art. Difor kan alle grupper og folk tileigna seg både kunst og lærdom dersom det vert presentert på ein måte som har tilknyting og relevans til kvardagslivet til menneska.

Vidare er det mogleg å integrera desse tradisjonane i alle livsformer, om ein får folk til å godta dei. På denne måten reknar ein med to høgkulturar i Noreg. Den eine har røter primært i den tidlegare embetsmannsstanden frå dansketida, med ideal frå dansk borgarskap. Den andre høgkulturen er tufta på norsk levesett i bygd og by, og på det nynorske språket som er utvikla direkte frå norsk talemål og sett inn i samanhengar som er forståelege for mottakarane. Tradisjon vert ikkje lenger motsetnad til vitskap, men ein del av miljøet som det må takast omsyn til når noko nytt skal innførast.

Skiljet mellom dei som såg ei ønskeleg utvikling for den unge kulturnasjonen Noreg ut frå dansk embetsmannskultur, sprita opp med omforma impulsar frå Noreg, og dei som ville ta steget fullt ut og byggja kulturnasjonen på eigne tradisjonar, språk og levemåte, vart stort. Her ligg kjernen til språkstrid og politisk utvikling og i dag. Dette gjeld så vel distriktspolitikk som debatten om medlemskap i EF. Det er tale om tiltru til eigne tradisjonar og livsformer i Noreg, samstundes som det også gjeld å skapa ein kultur som set oss i stand til å delta i verdssamfunnet.

Reaksjonære bønder?

I følgje tradisjonen etter Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg vart det nynorske skriftspråket først utvikla ut frå dei norske dialektane. Deretter vart det prøvd ut i lyrikk og prosa, ja, Ivar Aasen testa det også ved å omsetja både Shakespeare og Schiller før han var sikker på at båten bar. Men minst like viktig er innsatsen folk sjølve gjorde i bygd og by. Den historia er enno ikkje skriven. Det gjeld folks deltaking i utviklinga av Noreg som kulturnasjon. Her må vi finna andre kjelder enn det embetsmennene skriv. Ei viktig kjelde er protokollar og andre data om framvoksteren av organisasjonslivet. Eg vil særleg nemna norskdomsrørsla, som fekk mykje å seia mot slutten av 1800-talet.

I spørsmål om kulturell utvikling i Noreg fekk bøndene ord på seg for å vera både kulturfiendtlege og motstandarar av utvikling. Dei vart motpolen til borgarskapet, som stod for den progressive utviklinga. Lat oss sjå på kva bøndene gjorde for å delta i utviklinga av samfunnet frå midten av 1800-talet og framover. Aviser skaffa folk seg etter kvart som dei vart tilgjengelege. Endå om ikkje alle kunne lesa, var det nok at ein kunne det. Han vart gjerne sett til å lesa høgt. Det er også fortalt om korleis folk ordna seg for å få tak i avisene. Ikkje berre gjekk dei på omgang mellom folk i ei bygd; dei kunne også verta delte mellom folk i to bygder. Frå Sørfjorden i Hardanger er det fortalt om to bygder på kvar side av fjorden at dei heiste opp eit kvitt plagg som teikn på at avisa kunne hentast når ho var utlesen.

Norskdom, fridom, kristendom

Seinare skipa folk ungdomslag. Dei frilynde ungdomslaga sette seg eit idealistisk program: norskdom, fridom, kristendom, tufta på Grundtvigs kulturprogram og liberale kristendomssyn. Lat oss høyra korleis eit av dei aller første ungdomslaga kom i stand i den veglause grenda Botnen i Fyksesund:

«I Øystese, inst i Fyksesund, ligg Botnegrenda avsides og avstengd. Folk her sat helst trongt i det, men dei fleste hadde hug på lesnad, og det var mange opplyste menn i krinsen. Fleire unggutar gjekk lærarskulen og fekk postar. Heim søkte dei alle i sommartida. Nils Skaar, som seinare vart stortingsmann og styrar for Hordaland Folkeblad, gjorde vinteren 1869 opptaket til eit handskrive blad for Botnegrenda. Det skulle drøfta grendaspørsmål og ungdomsspørsmål og koma med både alvorlege og morosame småstykke. Bladet skulle heita «Dvergmålet». Det fekk straks eit tjug tingarar, dei betalte 2-4 skilling året kvar, – det skulle vera godtgjerdsle til bladstyraren for papir og arbeid. Då Nils Skaar fòr til lærarskulen, gjekk det noko ymse med bladet. Men så mykje hadde det vekt opp i ein flokk med grendafolket, at dei våren 1870 ville få i stand eit «folkesamlag». «Det skal vera bondevenleg», sa somme. Nei, meinte fleirtalet, med Nils Skaar i brodden, «vi vil ha eit vidare og friare program så laget særleg kan fremja åndsvoksteren hjå ungdommen». Det skulle haldast møte med føredrag og ordskifte. Mest 30 lagsmenn skreiv seg inn straks. Skaar vart første formannen og stod til 1873. Laget tok for seg emne som utvandringa, bondevennrørsla, pietismen, folkehøgskulen, kroppsøving, opplæring i husstell, fruktdyrking og grønsakdyrking i grenda. Vinteren 1872 skipa laget til «stortingsmøte». Ein vyrdeleg 55-åring var president og sat med klubba i hand. Mange av dei som var med, hugsa møtet og tala om det 20­30 år etterpå. For mesteparten av årspengane kjøpte laget bøker – Liv i Norge av Ole Vig, Arne av Bjørnson, Ervingen og Symra av Ivar Aasen, Han og ho av Kristofer Janson var dei første. Smått om senn vaks boksamlinga til om lag hundre band.»

Dette vesle glyttet frå korleis ungdomslaget i den veglause grenda Botnen i Hardanger vart skipa, illustrerer godt at ungdomslaga var ei grasrotrørsle. Det syner vidare at folk slett ikkje var kulturfiendslege. Tvert imot vart dei tidleg klar over at dei måtte tileigna seg kunnskap for å kunna ta del i arbeidet for å utvikla den unge nasjonen Noreg. Problemet var korleis dei skulle få tilgang til utdanning og kunnskap. Her var kanskje ungdomslaga vel så viktige som folkehøgskulen, fordi det var berre eit fåtal av ungdommen som hadde råd til å gå der. Men dei som fekk denne sjansen, kom heim til bygda og arbeidde vidare i ungdomslaga. Det vart òg eit mål i seg sjølv å skipa til ei skuleform gjennom ungdomslaga, der medlemmane skulle vera både lærarar og elevar samstundes. Her finn vi spirer til både folkeakademiet og anna seinare opplysningsarbeid.

Men kva skulle vera innhaldet i dette arbeidet? Det skulle først og fremst vera nyttig kunnskap i kvardagen, og utvikling av tradisjonar med røter i dagleglivet. Difor var det naturleg å ta opp litteratur på nynorsk, litteratur med referanse til bygdemiljø, men som også inneheldt nye tankar. Interessant er det å leggja merke til at dei første lokale avisene inneheldt meir stoff frå utlandet enn frå heimlege trakter, fordi det var svært viktig for folk å kunna følgja med i det som skjedde i tida.

Fár etter kultur

På mange område sette dei såkalla kulturfiendslege nynorskbrukarane merke etter seg.

Først nynorsk litteratur. Frå starten var idear frå europeisk åndsliv sentrale for dei forfattarane som utvikla dette språket litterært. Vi kan peika på den samanhangande linja fram til i dag, Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg, Kjartan Fløgstad og mange andre.

Sentralt stod folkehøgskulane, men det vart også viktig å skipa lærarskular.

Lærarskulen på Stord vart snart ein læreanstalt og ei inspirasjonskjelde for bygdeungdommar. Men folk gjekk mykje lenger; det vart arbeidt aktivt for å få til eit nynorsk universitet. Meininga var at Universitetet i Bergen skulle få denne oppgåva. Slik vart det ikkje.

Eit anna viktig område er teaterarbeidet. Hulda Garborg og Klara Semb er sentrale namn. Båe to var opptekne av å ta vare på dei norske dansetradisjonane og vidareutvikla desse. Hulda Garborg var særleg oppglødd for songdans som ho meinte ut frå teoriane på den tid, hadde levd i Noreg i mellomalderen, men hadde vorte borte under den danske kolonialiseringstida. Ho reiste til Færøyane for å henta dansar heimatt til Noreg. Men etter nærare ettertanke omforma ho dansen. Dette arbeidet vart vidareført av Klara Semb som skapte nye songdansformer, ikkje berre til mellomalderballader, men også til norsk lyrikk av eldre og nyare slag. Sentralt i folkedansarbeidet stod det å laga til framsyningar av dansane, slik at folk skulle få interesse for å nytta dei. Etterkvart vart det utvikla dramatiseringar av folkevisene, av dansen og bygdemiljøa. Dette utgjorde den første spira til det som seinare skulle verta det norske teateret. Det vart deretter oppretta teatergrupper i mest alle ungdomslag og dei spela teaterstykke skrivne på nynorsk. I bresjen for arbeidet med å oppretta eit nynorsk teater stod Bondeungdomslaget i Bergen. Med spelestykket «Kraaka» reiste dei i 1910 til Oslo på framsyningsferd. Her vart dei råka av det kvitglødande vestlandshatet til Nils Kjær. Han skreiv i Aftenposten dagen etter:

«... Der forekom nemlig gloser, som ikke kan assimileres i noget andet sprog end Hægstads eksamenssludder. Mit eneste ønske er, at Vestlandet henvises til seg selv. La os ikke hjælpe kortskallerne til en magt, hvis byrde de snart vil kjende som en østlandsk uforskammethet.»

I dag er situasjonen ein heilt annan. Det Norske Teatret er ein kulturinstitusjon som har vist seg å vera særs bærekraftig. Det same gjeld det nynorske språket som teaterspråk. Det er verkeleg tale om ein ny norsk høgkultur på dette feltet også.

Ole Bull

Ole Bull (Elisabeth Jerichau-Baumann, eigar: Norsk Folkemuseum, foto: Bjørg Disington).

Ungdomshuset «Solhaug» på Rossvold i Ulvik i 1920

Ungdomshuset «Solhaug» på Rossvold i Ulvik i 1920. Dette var ei ombygd og påbygd røykstove som vart gjeve som gåve til ungdomslaget i 1890-åra. «Solhaug» vart øydelagt under krigen (T. Lofthus, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Lo. 008)).

Folkedans på «Solhaug» kring 1926
Folkedans på «Solhaug» kring 1926 (Atelier K.K. Bergen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK pk 2342)).
Ungdomshuset «Haugatun»

Ungdomshuset «Haugatun» i Strandebarm er ein klassisk representant for norskdomsrørsla sine forsamlingshus (Svein Nord).

Sceneteppe frå ungdomshuset «Krossvoll» i Lofthus måla av Rudolf Vig kring 1920

Sceneteppe frå ungdomshuset «Krossvoll» i Lofthus måla av Rudolf Vig kring 1920. Motivet er typisk for ungdomsrørsla sin metaforbruk. Draperia kring motivet er konvensjonelle teatertegninger (Egil Korsnes).

  • Berggren, B. (1989) Da kulturen kom til Norge. Oslo .
  • Bolstad, I. (1948) Ungdomslagi skyt opp i Hordalandsbygdene. I: Hordaland ungdomslag: 1898-1948. Voss, Hordaland ungdomsslag, s. 15-27.
  • Gjengedal, A. (1971) Fram mot ein Landssamskipnad. I: Ung i 75 år: Noregs Ungdomslag 1896-1971. Oslo, Samlaget.
  • Riddervold, A. & Ropeid, A. (1984) Popular Diet in Norway and Natural science during the 19th Century. Ethnologia Scandinavica, s. 48-66.
  • Slettan, K. (1963) Dei første ungdomslaga. I: Hardanger Ungdomslag 50 år: 1913-1963. Øystese.