• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Helleland

Helleland i Catharine Kølles strek. Utan år ("Hilleland", foto: Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (13,7x9,9, B2436 g)).

Den «gamle» skrivargarden på Helleland har vore både sorenskrivargard og offisersgard. Hovudbygningen, som vart freda i 1924, vart bygd i 1764 av kapellan Christen Heiberg. Då han vart utnemnd til sokneprest i Jølster, selde han garden til kanselliråd Geelmuyden, som selde vidare til Hans de Knagenhielm i 1774. Han var sjef for Søndre Hardangerske kompani.

Sorenskrivargard vart Helleland i 1791. Ole Bornemann Heiberg kjøpte garden då han overtok sorenskrivarembetet etter Søren Schelderup, som hadde halde til på Hesthamar. Frå den tid har bruket på Helleland i bygdetale vorte heitande «skrivargarden». Sorenskrivar Koren overtok garden i 1801, og i 1880 fekk systersonen hans, Emanuel Lund, skøyte på eigedomen. Han var sjef for Hardanger kompani frå 1867, og i denne slekta har garden vore sidan; utleigd i ein kort periode i 1918-23 til sorenskrivar Blix, som budde her til den nye sorenskrivarbustaden i Ullensvang vart bygd.

Hovudbygningen på den gamle skrivargarden, freda i 1924, vart ombygd i sveitserstil ved eigarskiftet i 1880. Det einaste som står att av det opphavlege interiøret er storstova mot nord, «salen», med dører, listverk, fotpanel med marmorerte fyllingar og eit originalt 1700-tals furugolv. Denne bygningen vert no kjernen i eit norsk rettsmuseum, flytta til ei ny tuft tvers over vegen for den tidlegare sorenskrivargarden på Helleland.

  • Rekonstruksjon av rosett

Ei rosebu frå renessansen

  • Rekonstruksjon av delar av det dekorerte veggpanelet

Panelbord frå rosebua

  • Sekse, O. (1967) Bernhard Greve 1886-1962: kunstnaren og kulturvernaren. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 594-604.