• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hummarparken i Espevær

Hummarparken i Espevær. (Helge Sunde)

Den første hummarparken i Espevær vart bygd i 1887, og på det meste var det tre her. Drifta stoppa i 1957. Den eine hummarparken som står att, er restaurert og er vel verd eit besøk. Restaureringa vart påskjøna med Europa Nostra si utmerking.

Hummarfiske har vore ei lita, men stabil næring på sørvestkysten av Noreg sidan 1600-talet. På 1800-talet kom engelskmenn med brunnbåtar for å kjøpa hummar frå vestlandskysten. Fisket har gitt god avkasting, sjølv om ein lenge har vore uroleg for overutnytting av bestanden. Tidlegare fanst det fleire hummarparkar langs kysten enn i dag. Dei vart bygde for å ta vare på levande hummar til dei tidene på året då etterspurnad og pris var høgast.På Kvitsøy, Sotra og Askøy ogi Fitjar har parkar vore drivne i nyare tid, og nokre få av dei er framleis i drift. Hummaren er var for temperaturskifte, så dei mest avanserte parkane vart lagde under tak for å kunna halda ein rimeleg jamn temperatur kring +15 °C.

Hummar blir stadig meir sjeldan kost. For sterk hausting gjennom mange år har ført til at bestanden er på eit lågt nivå. I dag er det ikkje lov å ta opp hummar som er mindre enn 25 cm lang. Ein slik hummar er gjerne 8–10 år gammal. I Hordaland er fangsttida avgrensa til oktober, november og desember.

  • Hummarfangsten blir inspisert.

Hummarfangsten blir inspisert. Biletet er truleg frå 1930-åra. (Oscar Schumann-Olsen)