• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fagerrogn (Bjørn Moe)

Fagerrogna er sjeldsynt i Noreg, men finst rikeleg nokre stader i Sunnhordland.Ho er spesielt vanleg på Moster. Fleire ulike typar fagerrogn er kjende, endåtil artar som ikkje er kjende utanfor Noreg.

Fagerrogna liknar vanleg rogn, men småblada eller finnane på bladet skil dei. Medan alle finnane på eit vanleg rogneblad er smale og like store, er endefinnen hos fagerrogn trekanta og tydeleg større. Blomar og frukter er òg større, og fruktene smakar mindre beiskt. Fagerrogn blir vanlegvis eit velforma tre.

På Stord og Bømlo og i Sveio finst det to typar fagerrogn med raude pollenknappar. Ein annan type har gule knappar, til liks med vanleg rogn. På Huglo, Storsøya og langs sørsida av Tysnes til Ånuglo er den såkalla fægrirogna einerådande. Ho blir større, har store blomar med kremgule pollenknappar og kan få store frukter. Mykje tyder på at dei ulike typane av fagerrogn har oppstått ved krysningar mellom artane.

  • Honningvokssopp (Jan Rabben)

Moster er eit område der det framleis veks mange beitemarksoppar – soppar som no er borte mange stader i fylket. Den vakre raude honningvokssoppen er ein av dei. Soppen er så sjeldsynt at han står på lista over truga artar – raudlista. (Jan Rabben)